Rikseplet til Dronninga
Rikseplet til Dronninga vart laga til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830.
Etter tradisjonen frå kontinentet var rikseplet berre herskaren sitt maktsymbol. I 1568 innførte den svenske Kong Erik XIV ein eigen tradisjon. Da kona til kongen, Karin Månsdatter, fekk regalium, vart ho òg utstyrt med eit rikseple. Denne tradisjonen vart òg følgd i Noreg.
Rikseplet til Dronninga er av forgylt sølv og laga av Erik Lundberg i Stockholm til den planlagde kroninga av Dronning Desideria i 1830.
Utforming
Det er litt høgare enn rikseplet til kongen. Eit band – dekorert med ametystar – deler eplet i to, og eit tilsvarande band deler den øvre halvdelen i to. Eit miniatyreple i blå emalje står på toppen. Det blir delt av eit band med 30 små perler, og krossen øvst blir danna av åtte små perler.
Høgd: 16 cm
Diameter: 10 cm
Vekt: 436 g.