Hopp til hovedinnhold

Salvingshornet

Tradisjonen med salving av kongen stammar frå Midtausten og har opphav i Det gamle testamentet. Seremonien symboliserte at kongen var Guds utvalde representant.


Historisk vart den som skulle kronast, smurd med innvigd olje i tinning, panne, bryst og handledd. Denne seremonien vart sedd på som den viktigaste ved ei kroning, fordi monarken da fekk kraft frå Den Heilage Ande til å bere byrdene som konge.


Det norske salvingshornet er laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818. Det vart nytta siste gong ved kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906.

Utforming

Salvingshornet er av forgylt sølv. Det er i empirestil med enkel formgjeving og raffinert, sparsam dekor. Lokket har handtak forma som ei eikenøtt, mens ei lita kongekrone prydar spissen.

Høgd: 12,5 cm
Vekt: 164 g.
 

17.04.2013

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook