Hopp til hovedinnhold

Kommunikasjonsstaben

Kommunikasjonsstaben gjev råd til Kongefamilien og Det kongelege hoffet i informasjonsspørsmål. Samarbeid og service overfor norsk og utanlandsk media er ei høgt prioritert oppgåve. 

Kommunikasjonsstaben støttar Kongefamiliens medlemmer i å planleggje og gjennomføre medieopplegg og intervju og har òg ansvar for offisiell fotografering av Kongeparet og Kronprinsfamilien.

Medieopplegget i samband med statsbesøk og ved  større offisielle utanlandsreiser Kongefamilien gjer, blir gjennomført i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og ambassadane. Ved større reiser og besøk i Noreg er medieopplegget laga i nært samarbeid med presseansvarleg hos dei respektive fylkesmennene.

Kommunikasjonsstaben samarbeider tett med De kongelege samlingar, som står for drifta av Dronning Sonja KunstStall og organiserer omvisingar for publikum på Det kongelege slottet og på lystslottet Oscarshall i sommarsesongen.

Nettmedium

Redaktøransvaret for Kongehuset sine heimesider, sider på YouTube, Facebook, Instagram og X/Twitter, og det overordna ansvaret for Hoffet sitt intranett, ligg i kommunikasjonsstaben.

Organisering

Guri Varpe leier kommunikasjonsstaben. 

 

13.11.2023

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook