Hopp til hovedinnhold

Hoffsjefen

Hoffsjef Olav Heian-Engdal er den øvste leiaren ved Det kongelege hoffet. Han står ansvarleg for verksemda andsynes Hans Majestet Kongen.

Saman med avdelingsleiarane, som er rådgjevarar for Kongehuset på sine respektive fagfelt, utgjer hoffsjefen leiinga for Hoffet.

Hoffsjefen gjev råd til Kongen og Kongefamilien elles. Han har det øvste ansvaret for å sikre at Det kongelege hoffet effektivt støttar opp under kongegjerninga. Han pliktar å syte for ei organisasjons- og personalutvikling og eit arbeidsmiljø som gjer dette mogeleg.

Seremonielle oppgåver

På vegne av Kongen har hoffsjefen seremonielle og protokollære oppgåver ved høgtidelege høve. Hoffsjefen er i kraft av stillinga si skattmeister i Rådet for Den Kongelege Norske St. Olavs Orden, og leiar av Rådet for Den Kongelege Norske Fortenstorden.

I tillegg til avdelingsleiarane, rapporterer hoffets juridiske rådgivar direkte til hoffsjefen. Det gjer også leiaren av ordenskanselliet.  

Ordenskanselli og fond

Ordenskanselliet førebur sakar om tildeling av ordenar og medaljar for behandling i Ordensrådet. Kronprinsesse Märthas Minnefond og Prinsesse Märtha Louises fond vart også administrert av Ordenskanselliet.

 

29.09.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook