Russland 2003
Kronprinsparet besøkte Russland 27. oktober - 1. november 2003. Kronprinsparet besøkte St. Petersburg og Moskva. Kronprinsen fekk i tillegg høve til å reise til Murmansk.
St. Petersburg 27. oktober
I St. Petersburg hadde Kronprinsparet møte med Guvernør Matvienko i Guvernørpalasset, og om kvelden fekk dei oppleve den kjende balletten Svanesjøen på Mariinskij teater.
St. Petersburg 28. oktober
Denne dagen vitja Kronprinsen Marinemuseet og Etnografisk museum. Kronprinsparet reiste saman til Sommarpalasset i Pusjkin kor dei var invitert til lunsj med viseguvernøren. Om kvelden reiste Kronprinsparet vidare til Moskva med tog.
Moskva 29. oktober
I Moskva hadde Kronprinsen møte med visestatsminister Vladimir Anatolevitsj Jakovlev, før han la ned krans på den ukjende soldats grav ved Kreml-muren. Kronprinsen møtte også krigsveteranar i anledning årsdagen for frigjøringa av Kirkenes.
Kronprinsparet reiste saman til Kulturministeriet, og var seinare på dagen til stades ved ein konsert i samband med opninga av Grieg/Tchaikovsky-festivalen.
Moskva 30. oktober
Om formiddagen hadde Kronprinsen møte med redaktøren for avisa Komsomolskaja Pravda. Kronprinsparet fekk så ei omvising i Kreml. Seinare besøkte Kronprinsparet den norsk-russiske vidaregåande skolen. Om kvelden reiste Kronprinsen til Murmansk.
Murmansk 31. oktober
I Murmansk fekk Kronprinsen besøkt blant anna guvernøren og Nordflåtemuseet. Kronprinsen var òg til stades ved premieren på La Traviata, som var sett opp av Den norske opera og Filharmonien i Russland.
Besøket vart avslutta 1. november.