De kongelige eiendommer og parker
Denne avdelinga har ansvaret for drift, vedlikehald og utvikling av dei kongelege eigedommane. Dette gjeld både sjølve bygningsmassen, interiøra og parkanlegga. Eigedommane skal behandlast som freda.
Ansvaret for vedlikehald av bygningane er delt mellom Det kongelege hoff og Statsbygg, som tek seg av det ytre vedlikehaldet av bygningane og driftar dei tekniske anlegga som elektro, vatn, ventilasjon etc. på dei statlege eigedomane.
Avdelinga utfører også forvaltningsoppgåver og vaktmeistertenester på dei private kongelege eigedommane og ivaretek Kongens disposisjonsrett til Stiftsgården i Trondheim og Gamlehaugen i Bergen. Avdelingabestår av to seksjonar, Eiendomsseksjonen og Slottsgartneriet, og blir leidd av slottsforvaltar Per Arne Bjørnstad.
Eiendomsseksjonen
Seksjonen sørgjer for at dei kongelege eigedommane til ei kvar tid er klargjorde for alle gjeremål. Værelser og interiør ved Det kongelege slottet, Oscarshall og Bygdøy kongsgard blir haldne ved like og klare for årets ulike arrangement. Service for brukarane av bygga er viktige oppgåver for seksjonen.
Deler av Eiendomsseksjonen - med forsterkning frå Statsbygg - ferdig med å rigge og klare for nye oppgåver under hagefesten i Slottsparken 2016. Foto: Jan Haug, Det kongelege hoff
Seksjonen forvaltar også kontorutstyr, belysning, teknisk brukarutstyr, møblar og tekstil som høyrer til verksemda. Også større ombyggings- og oppussingsarbeider blir styrte av seksjonen, enten i eige regi eller i samarbeid med Statsbygg.
Seksjonen får driftsmedel over apanasjen til nødvendig forvaltning av dei private eigedomane.
Handverkstradisjonar
Eigedommanes unike kulturarv inneber bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar, og vedlikehald må gjennomførast på ein varsam måte. Det søkas i historisk materiale som teikningar og fotografiar når nye arkitektoniske løysningar skal gjennomførast, alt i nært samarbeid med Riksantikvaren.
Seksjonen har eigne handverkarar som gjennomfører restaurering og vedlikehald av antikvariske møbler og interiør i samarbeid med Dei kongelege samlingar. Handverkstradisjon og original materialbruk holdas i hevd.
Møbelsnekkerne ved eiendomsseksjonen holder vakre møbler i orden. Foto: Nina Ilefeldt, Det kongelige hoff
Slottsgartneriet
Slottsgartneriet har ansvaret for helårsdrift og utvikling av parker og hageanlegg ved dei kongelege eigedommane. Peie av parkane sine om lag 2 000 tre er ei omfattande oppgåve, i tillegg til løpande vedlikehald, planting, rydding og drift av dammar og gangvegar.
Kvart år blir det planta vårblomar rundt statuen av Dronning Maud. I 2018 vart det sett ned 7 000 tulipanløk. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet.
Slottsgartneriet legg stor vekt på miljøvennleg drift av parkane og legg til rette for auka artsmangfald – mellom anna ved å bevare gamle, store tre og legge plenareal om til blomstereng.
Slottsgartneriet arbeider også med å synleggjere ulike epokar i parkens lange historie. De siste årene har flere hisotiriske elementer i Dronningparken blitt rekonstrukert og restaurerrt. I løpet av 2023 ble restaureringen av det opprinnelige romantiske hageanlegget ved Oscarshall ferdigstilt.