Hopp til hovedinnhold

Telemark 2008

7. oktober 2008 starta Kronprinsparet fylkesturen sin i Telemark. I løpet av turen  vitja Kronprinsen og Kronprinsessa seks kommunar fordelte over heile fylket.

Notodden var første stoppestad på reisa. Kronprinsparet kom til det gamle industriområdet ved Tinfos om føremiddagen 7. oktober, til offisiell mottaking i Telemarksgalleriet. Her fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei historisk innføring i kraftproduksjon og industrireising i området, frå Sam Eyde og Norsk Hydro til ny teknologibasert produksjon, blant anna hos Berget a/s.

Det vart òg kunstnariske innslag, i form av både blues, rock og stev.

Seinare stod Kronprinsesse Mette-Marit for opninga av den nye butikken Redesign i Notodden. Prosjektet er ein del av verksemda til attføringsbedrifta NOPRO. Klede, bruksgjenstandar og møblar som elles ville ha vorte kasta, får nytt liv gjennom reparasjon, omsaum og kreativ forming av nye produkt.

– Gjennom butikken Redesign blir krefter sameinte om noko av det viktigaste vi kan jobbe for i samfunnet vårt: eit godt miljø, både menneskeleg og naturmessig, sa Kronprinsessa i opningstalen sin.

Dalen i Tokke

Om ettermiddagen besøkte Kronprinsparet Tokke kommune. I Tokke besøkte Kronprinsparet Tokke kulturhus, der elevar frå Tokke kulturskole underheldt med dans, song og musikk.

På Tokke helsesenter stod Kronprins Haakon for den offisielle opninga av den nye avdelinga ved helsesenteret.

Dagen vart avslutta med middag og overnatting på det tradisjonsrike Dalen Hotel.

Fyresdal og Nissedal

Onsdag starta med besøk på Telemark Kildevann for Kronprinsparet. Etter ei orientering om verksemda ved fabrikken gjekk ferda vidare til Folkestadbyen. På vandring gjennom sentrumsgata fekk Kronprinsen og Kronprinsessa høve til å smake på lokale matvarer og besøkje stands der både barnehage, 4H og elevbedrifter var representerte, før turen gjekk til eit kulturarrangement på Øyskogen.

I Nissedal besøkte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit Treungen. Her var Kronprinsparet til stades på eit arrangement i Fleirbrukshuset, der Kronprinsessa talte i høve Verdsdagen for psykisk helse.

Kragerø og Bamble

Onsdag kveld kom Kronprinsparet til Kragerø, og morgonen etter starta dagen på Levangsheia omsorgssenter. Frå senteret reiste dei med ”Gaven” frå ferjekaia i Stabbestad og inn til Kragerø sentrum. Båten vart helsa med salutt frå Gundersholmen kystfort da dei passerte Gundersholmen.

Etter ei mottaking i Kragerø hamn fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei omvising i Kittelsenmuseet. Deretter gjekk turen opp på ”Steinmannen” – utsiktspunktet over Kragerø. Her teikna Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit signaturane sine, for plassering ved sida av namnetrekka til Kong Harald og Dronning Sonja.

Bamble vart siste stopp på fylkesturen. Her drog Kronprinsparet til Croftholmen vidaregåande skole, der dei fekk ein presentasjon av skolen og av den lokale historia. På INEOS' anlegg på Rafnes fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei omvising på fabrikkområdet før eit besøk i kontrollrommet ved etylenfabrikken.

30.10.2008

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook