Hopp til hovedinnhold

Nordland 2008

DD.MM. Kongen og Dronninga gjennomførte ein fylkestur i Nordland i juni 2008. Kongeparet nytta Kongeskipet under reisa, og om ettermiddagen 17. juni la K/S Norge til ved Alstahaug.

Kongeparet vart ønskt velkommen til Nordland utanfor Petter Dass-museet på Alstahaug, tusenårsstaden i Nordland, av fylkesmannen, fylkesordføraren og ordførarane i kommunane som vart besøkte under reisa: Alstahaug, Træna, Lurøy, Rødøy, Meløy og Gildeskål.

Kong Harald og Dronning Sonja fekk ei omvising i Petter Dass-museet, før følgjet drog vidare til orgelkonsert i Alstahaug kyrkje.

Træna

Om morgonen dagen etter kom Kongeskipet til Træna. Her fekk Kongen og Dronninga sjå Petter Dass-kapellet, før Kongeparet opna den nye kommunale leikeplassen i Træna. I talen sin framheva Kongen den kollektive innsatsen bak leikeplassen:

"At dugnadsånda og det kollektive ansvaret er sterkt til stades, er òg denne fine leikeplassen eit uttrykk for. Dette er eit helt spesielt anlegg, i og med at alle som bur her, har delteke med kunnskapen sin og dyktigheita si."

Etter opninga av leikeplassen reiste Kongeparet vidare til Træna sjuke- og aldersheim, der dei blant andre bebuarar fekk helse på 100 år gamle Alfrid Langeskjær.

Lovund

Om ettermiddagen reiste Kongen og Dronninga vidare til Lovund i Lurøy kommune. Her var Kongeparet først til stades ved eit festarrangement i den nye barnehagen, der Kong Harald planta eit tre utanfor.

Seinare var det tid for ei omvising i Kystkultursenteret og ei orientering om lokalt næringsliv, før Kongeparet drog til Naustholmen industripark. Her blir det drive oppdrett av laks og torsk, i tillegg til produksjon av fiskemjøl, fiskeolje og isoporkassar.

Etter besøket ved Naustholmen forlét Kongeparet Lovund og gjekk om bord i redningsskøyta ”Harald V”, som frakta dei til Lurøy.

Lurøy

Etter ei offisiell mottaking spaserte Kong Harald og Dronning Sonja opp til kystkvinnebautaen og minnebautaene over omkomne på havet, der Kongeparet la ned krans.

Deretter gjekk turen til ”Antonettastua”, der Kongen og Dronninga fekk ei orientering og ei omvising av leiaren i Kystlaget. Besøket i Lurøy vart avslutta med eit Kulturarrangement i Lurøy kyrkje.

Om kvelden segla Kongeskipet vidare, mot neste stopp på Fylkesturen – Selsøyvik i Rødøy kommune.

Rødøy

Om morgonen 18. juni vart Kongeskipet møtt av fiske- og fritidsbåtar ved grensa til Rødøy kommune. Kongeskipet helsa òg Hurtigruta Nordlys på veg sørover.

Kongen og Dronninga gjekk i land ved Selsøyvik gamle handelsstad i Rødøy, der dei vart tekne imot og følgde til arrangementsplassen. Etter talar og kulturelle innslag her fekk Kongeparet ei omvising i butikken og bustaddelen av den gamle handelsstaden. Kongen og Dronninga møtte òg sentrale representantar for det omfattande restaureringsarbeidet.

Deretter fekk Kongeparet sjå fotoutstillinga ”Fra handelshus og jektefart til moderne maritim produksjon” og utstillinga ”Mangfold”, som gjev smakebitar av framand og norsk kultur i samla mangfald.

Ørnes og Glomfjord

Om ettermiddagen kom Kongeskipet til Ørnes i Meløy kommune. Kongeparet vart følgt til offisiell mottaking og kulturopplevingar i Ørnes gamle handelsstad. Elevar frå Spildra, Ørnes, Reipå, Neverdal, Meløy og Bolga skolar kransa ruta der Kongen og Dronninga spaserte.

Frå Ørnes drog Kongen og Dronninga i bilkortesje til Glomfjord. Her var skoleelevar frå Glomfjord, Åg, Halsa og Enga skolar i gatene da Kongeparet spaserte i Glomfjord sentrum.

Meløy Næringsutvikling orienterte Kong Harald og Dronning Sonja om industrieventyret i Glomfjord, før Kongeparet vart følgt til REC Scan Wafers lokale for omvising. REC (Renewable Energy Corporation) produserer element til solcellepanel.

Dagen vart avslutta med middag for 250 gjester i Glomfjord kulturhus, før Kongeparet igjen gjekk om bord i Kongeskipet.

Glideskål

I Inndyr var det ”Petter Dass selv” som ønskte Kongen og Dronninga velkommen til framsyninga på Klippfisktorget, der blant anna Nordfjorden danselag og Saltdal spellemannslag underheldt.

Etter framsyninga drog Kongeparet til omvising på Gibo alders- og sjukeheim. I tillegg til ei generell omvising besøkte Kongen og Dronninga Gudveig Eilertsen i bueininga hennar. Oldebarnet til Gudveig Eilertsen, Sara, hadde skrive til Kongen og spurt om han ikkje kunne besøkje oldemor hennar, noko det vart høve til på denne turen. Det vart òg kulturelle innslag med song og diktlesing, før Kongen og Dronninga drog vidare til Gildeskål kyrkje.

Kongeparet og følgjet samla seg ved bautaen av Elias Blix utanfor kyrkja, og derfrå gjekk dei i prosesjon til den gamle kyrkja. Her vart det andakt og historisk foredrag, før kyrkjekaffi i eit telt på bakken utanfor.

Samlinga her vart det siste punktet på programmet før fylkesturen vart runda av med ei mottaking for inviterte gjester om bord på Kongeskipet Norge.

I avslutningstalen sin i Gildeskål sa Kong Harald blant anna:

– Dronninga og eg vil få takke for ugløymelege dagar! Elias Blix seier i ”Barndomsminne frå Nordland” noko om at i dette landet, langt der opp mot nord, der er ”eg gjerne gjest”. Vi kan begge underskrive på at vi gjerne kjem att som gjester.

30.10.2008

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook