Hopp til hovedinnhold

Rogaland 2009

Den 1. til 3. september 2009 vitja DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessen Rogaland. Besøket gjekk over tre dagar og Kronprinsparet nytta Kongeskipet på turen.

Besøket starta i Utsira kommune, som er den minste kommunen i landet, og vart avslutta i Lund.

Utsira

På Utstira drog følgjet for å besøkje gamle Utsira fyr. Fyret vart oppretta i 1844 og er idag eit verna kulturminne. Her fekk Kronprinsparet lære om fyret og området omkring, og sjå utstillinga til den lokale kunstaren Marit Eide Klovning. Den ornitologiske foreininga overrekte Kronprinsen og Kronprinsessa kikkertar som gåve og minne om besøket.

Siratun

Frå fyret reiste Kronprinsparet vidare til Siratun. På veg til festplassen passerte dei bysta av Åsa Helgesen, som var den første kvinnelege ordføraren i Noreg. På festplassen vart det sang og musikk, før Kronprinsen signerte grunnsteinen til det som skal bli ny skule, barnehage og kulturhus. Det vart òg tid til å helse på "gutta på Cognac'en" - fem lokale seniorar, før følgjet reiste vidare.

Vindafjord

Om ettermiddagen kom Kronprinsparet til Vindafjord. Her besøkte Kronprinsen og Kronprinsessa Vindafjordtunet omsorgssenter, der Kronprinsesse Mette-Marit planta eit tre i "Sansehagen". I Ølen opna Kronprins Haakon tusenårsstaden i Vindafjord, parken Joa-Kari, oppkalla etter ei kone som budde her.

Deretter drog følgjet med hesteskyss til Ølen idrettshall, der Kronprinsparet fekk ein presentasjon av næringslivet i Vindafjord.

Gjesdal

Dag to av fylkesturen starta i Kongeparken i Gjesdal. Blant dei som var møtte fram, var 300 skulebarn som stod langs ruta da Kronprinsen og Kronprinsessa spaserte opp mot Jærgarden. Det var også kulturinnslag undervegs, med song og musikk, dans og magi. Inne på Jærgardstunet var det stands frå Internasjonal kvinnegruppe og aktivitetar i smia og i bakstehuset.

Etter tilstellinga drog Kronprinsparet vidare til EWOS Innovation for å lære meir om lokalt næringsliv. Før avreisa til Bjerkreim var følgjet òg innom Gloppedalsura, der Kronprinsparet vart traktert med saksofonspel og historier.

Bjerkreim

Om ettermiddagen kom Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit til Vikeså i Bjerkreim. Her besøkte følgjet FN-parken, der FN-veteranar stod oppstilte som æresvakt, og Kronprins Haakon la ned krans på minnebautaen.

Frå FN-parken spaserte Kronprinsparet til Kommuneparken, der det var invitert til folkefest ved Svelavatnet. Her vart det både korsong og framsyning med historia om Ulla og Tulla, der saueklipping var blant innslaga.

Egersund

I Egersund besøkte Kronprinsparet den såkalla "Bestyrarleilegheita" ved Meieriet, som er fødestaden til mor til Kronprinsessa. Så kjørde dei med hest og vogn til "Grisatorget", og herfrå spaserte følgjet gjennom det bevaringsverdige området "Hauen" til torget. Undervegs i vandringa møtte Kronprinsparet blant anna på "De syngende munkene", som song for Kronprinsparet - og særleg for Kronprinsessa.

Om kvelden heldt Kronprinsparet ei mottaking om bord i Kongeskipet.

Sokndal

Om morgonen siste dag gjekk Kronprinsparet i land i Holmen. På veg opp til Helleren stansa følgjet ved Altmark-støtta der dei fekk høyre om den såkalla "Altmark-affæren" i 1940.

Dei to husa under Helleren ligg dramatisk til under eit utspring i fjellveggen. Husa vi ser i dag, er frå byrjinga av 1800-talet, men arkeologar har funne spor etter busetjing her heilt tilbake til eldre steinalder.

I Sogndalstrand var det samla til folkefest i amfiet, og ordføraren fortalde mellom anna om Sokndals engasjement i Cittaslow. Sokndal var den første kommunen i Norden som vart med i Cittaslow-rørsla. Etter arrangementet i amfiet vart omvising på Sogndalstrand kulturhotell.

Lund

Besøket i Lund starta med bedriftsbesøk på hjørnesteinsbedrifta NorDan. Så reiste Kronprinsparet til Båtsportsenteret, der det var samla til folkefest med talar og musikalske innslag. Kronprins Haakon heldt den siste talen sin for turen og nytta høvet til å takke for dei mange opplevingane undervegs.

På Lund omsorgssenter opna Kronprinsessa eit nytt dagsenter for demente. Besøket på omsorgssenteret vart det siste for Kronprinsparet på årets fylkestur.

11.10.2009

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook