Hopp til hovedinnhold

Døypte SHV Olav Trygvasson

- Jeg døper deg SHV Olav Trygvasson. Måtte hell og lykke følge deg og ditt mannskap i din operative tjeneste. Med desse orda og ei flaske champagne mot skutesida døypte Hennar Majestet Dronninga Sjøheimevernets nye skip i dag..

17.12.2010

Skipet som har fått Dronning Sonja som gudmor, er det første av Heimevernets to fartøy i Reineklassen. Det andre fartøyet skal komme neste år og vil få kongenamnet Magnus Lagabøte.

Dåp ved Rådhuskaia

SHV Olav Trygvasson hadde lagt til ved Rådhuskaia i Oslo for høvet. Her vart Dronninga motteken av Oslos ordførar, politimeisteren og fylkesmannen før ho helsa på vertskapet: generalmajor Kristin Lund og reiar Ståle Remøy.

Dronninga døypte skipet, og da det vart overlevert til Sjøheimevernet, vart orlogsflagget heist på Olav Trygvasson. Prest Johannes Øvrebø bad fredsbønn, og Oslo- og Akershus Heimevernsdistrikts korps spelte Nasjonalsongen.

Omvising om bord

Skipsmannskapet stod oppstilt under leiing av kommandørkaptein Rune Furevik. Da fartøyet var overlevert skipssjefen, bemanna dei Olav Trygvasson, og skipssjefen følgde Dronning Sonja om bord.

Omvisinga starta på brua, der Dronninga òg vart overrekt ein sjekk i gudmorgåve frå reiarlaget. Dronninga gav sjekken vidare til skipssjefen, som tok imot han på vegner av mannskapet.

Olav Trygvassons oppdrag

Fartøyet vil fungere som eit flytande klasserom med instruktørar for trening av styrkar langs kysten, vere logistikkfartøy under operasjonar og eit sentrum for Heimevernets maritime styrkar.

Dei nye fartøya gjev Heimevernet ein ny dimensjon i integrerte operasjonar med sjø- og landkapasitetar. Dette er eit stort løft for heile Heimevernet, seier generalinspektør for Heimevernet, generalmajor Kristin Lund, i ei pressemelding frå Forsvaret.

Dronning Sonja døper Heimevernets nye fartøy, Olav Trygvasson (Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook