Hopp til hovedinnhold

Opna ein av verdas brattaste gondolbanar

Hennar Majestet Dronninga opna i dag Loen Skylift i Nordfjord. Gondolbanen skal løfte turistar frå fjorden til toppen av det 1011 meter høge fjellet Hoven på fem minutt.

20.05.2017

– Heilt fantastisk. Det er ei utruleg flott oppleving. Eg er veldig glad for at eg har fått lov til å oppleve dette. Eg har litt høgdeskrekk, eg da, men eg klarer meg heilt fint, sa Dronning Sonja etter den spektakulære reisa med utsikt over noko av det vakraste Noreg har å by på – eit dramatisk landskap med bratte lier, frodig natur, blank fjord og kvitkledde fjell.

"Det er eit av dei mest fantastiske områda vi har i dette landet."

Det vart ein luftig tur opp til snaufjellet og den nye restauranten på toppen med gondolen «Hugin». Gondolbanen er ein av dei brattaste i sitt slag i verda. Stigningsgraden er på 60 grader på det meste.

Skal lokke turistar til Loen og Nordfjord

Loen er eit kjent reisemål, og målet er at den nye og spektakulære attraksjonen skal lokke enda fleire turistar til Loen og Stryn.

1000 METER RETT OPP: Utsikta frå Loen Skylift. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet1000 METER RETT OPP: Utsikta frå Loen Skylift. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

Gondolbanen opnar opp eit stort fjellområde for eit nytt publikum – med tanke på både fotturar og skiturar.

– Flott at fleire får høve til å oppleve dette utsynet, sa Dronninga på eit pressemøte på toppen av fjellet. På spørsmål om Dronninga har planlagt nye turar med dette som utgangspunkt, svarte ho noko løyndomsfull at «kanskje – det kan hende».

Turar i fjellheimen

Det har vore eit stort engasjement lokalt for å få prosjektet realisert. Heile prosjektet har kosta 280 millionar kroner.

– Eg trur banen kjem til å bety svært mykje for fjellivet her inne, også for heile regionen, for Vestlandet og for Noreg. Eg synest det er fantastisk at dei har fått til denne draumen – denne visjonen om å byggje ein «skylift» opp hit slik at veldig mange menneske kan få del i det som vi tidlegare har vore så heldige å få oppleve, sa Dronninga i samtale med konferansier Arne Hjeltnes på takterrassen til den nye Hoven restaurant.

Dei to snakka om dei mange turane Dronninga har hatt i fjellheimen rundt Loen. Den første turen gjekk til Oldeskaret i 1979.

På takterrassen på Hoven restaurant. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpixPå takterrassen på Hoven restaurant. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

 

– Det er eitt av dei mest fantastiske områda vi har i dette landet – heilt eineståande og med store variasjonar, sa Dronninga.

Opning i strålande sol

Den høgtidelege opninga av Loen Skylift skjedde nede ved stasjonsbygningen i strålande sol og med hundrevis av menneske til stades. Indigo Child og barna frå Loen skule underheldt med song, og Stryn-ordførar Sven Flo heldt ein entusiastisk tale.

På toppen av fjellet avduka Dronninga ein fem meter høg hestesko. Fjellet Hoven har fått namnet sitt etter segna om Sleipner, hesten til Odin. Det vart sagt at Sleipner slo ein av hovane sine inn i fjellet i Loen og skapte det karakteristiske holet.

Opningsarrangementet vart avslutta med ein lunsj i restauranten på toppen for 270 inviterte gjester. Det var mange som skulle takkast på ein slik dag.

Dronninga avdukar ein fem meter høg hestesko på fjellet Hoven. Foto: Terje Pedersen, NTB ScanpixDronninga avdukar ein fem meter høg hestesko på fjellet Hoven. Foto: Terje Pedersen, NTB Scanpix

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook