Hopp til hovedinnhold

På fylkestur i Møre og Romsdal

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa innleidde fylkesturen sin til Møre og Romsdal i dag. Vestlandsnaturen viste seg frå sitt mest spektakulære da Kongeskipet gjekk inn Geirangerfjorden i dag tidleg.

24.05.2012

For mennesker over hele verden er bildet av Geirangerfjorden selve bildet på Norge. Når vi skal vise frem det vakreste vi har, viser vi frem deres kommune. Innseilingen til Geiranger er noe av det mest overveldende som finnes – noe man ikke glemmer, sa Kronprins Haakon i talen sin ved fjordsenteret seinare på dagen.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit gjekk i land i Geiranger klokka 09.00. Der tok fylkesmann, politimeister og ordførar imot gjestene i spissen for dei mange strandaværingane som var møtte fram i hamna.

Herfrå bar det i veteranbilar rett til Flydalsjuvet, der ei storslått utsikt og det første pressemøtet på reisa venta Kronprinsparet.

Folkefest ved Fjordsenteret

Prins Sverre Magnus slutta seg til Kronprinsparet da dei kom til Norsk Fjordsenter. Både Prinsen og Prinsesse Ingrid Alexandra vil oppleve sin første fylkestur desse dagane, sidan Jansløkka barneskole i Asker er teken ut i streik.

Utanfor Fjordsenteret var det stelt i stand til folkefest med talar og allsong. Barn frå Ringstad skole førte fram utdrag frå musikalen «Barnas Miljøkonferanse», og det vart både tradisjonsmusikk fra Jårångstausene og jazz med bandet Foursticks. Dei kongelege fekk òg ein titt på utstillinga "Staurgale" og sjansen til å prøve kulinariske spesialitetar frå området. Prins Sverre Magnus fekk smake på både gravlaks og røykjelaks.

Så vandra Kronprinsparet og Prinsen i tog med andre festdeltakarar, med flagg og faner, til Geiranger marina. Der venta sjaluppen for å ta dei tilbake til Kongeskipet og vidare til Hareid.

Parken i Hareid

I ettermiddag gjekk Kronprinsen og Kronprinsessa i land i Hareid. Kommunen har eit variert næringsliv med både fiske og jordbruk, maritim industri, trevare- og møbelindustri, for å nemne noko. Men Hareid har òg eit velutvikla kulturliv, noko Kronprinsparet fekk erfare i parken der dei vart trakterte med både musikk, song og dans.

Kronprinsen peika spesielt på den sterke kortradisjonen i talen sin i ettermiddag. Hareid har ei befolkning på om lag 5000 innbyggjarar – og ti ulike kor. Dei ber vidare tradisjonen etter tonekunstnaren Rasofiel Rise, som innførte den fleirstemde korsongen her for 150 år sidan og gav Hareid rolla som «korsongens vogge i Noreg».

Frå folkefesten i parken reiste Kronprinsparet vidare til Hadartun eldresenter, der dei fekk møte tilsette og bebuarar i vinterhagen ved heimen.

Møte med ishavsfiskarar

I Brandal ligg Ishavsmuseet Aarvak. Det vart oppretta for å bevare og formidle den rike ishavstradisjonen på Vestlandet. I 1898 la den første skuta frå Brandal ut på ekspedisjon til ishavet for å drive selfangst. Det skulle bli den første av mange, både skuter og fangstfolk, frå Brandal og Hareid. På det meste var 75 skuter i sving.

Museet er bygd rundt ishavsskuta Aarvak, som er sett på land og bygd inn i eit eige hus. Det er eit viktig dokumentasjons- og opplevingssenter, med ei stor samling gjenstandar i tillegg til ei omfattande samling fotografi og eldre filmar frå polare område.

Kronprinsparet fekk høyre historia om Brandal og ishavsskutene – og historier direkte frå dei som opplevde dei gjennom møte med flere veteranar frå fangsttida.

Reiser vidare

Besøket til Ishavsmuseet avslutta programmet i Hareid og første dag av fylkesturen. På den tre dagar lange reisa besøkjer Kronprinsen og Kronprinsessa seks av kommunane i Møre og Romsdal. I morgon går turen til Haram og Herøy, mens reisa blir runda av i Molde og Rauma laurdag.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook