Freda på Bygdøy
Med fredningen vil en unik kilde til kunnskap, opplevelse og bruk sikres for alle. Bygdøy kulturmiljø innehar stor variasjon av natur- og landskapstyper med rikholdige og godt bevarte kulturspor, skriv Riksantikvaren.
Området er historisk særleg knytt til funksjonane som kongeleg sommarresidens, folkepark og friluftsområde. Områda Dronningberget og Hengsåsen er òg spesielle med omsyn til biologi og geologi, og Dronningberget har naturverdiar av internasjonal interesse.
Markering i dag
Dronninga vart motteken av to statsrådar da ho kom til Bygdøy i dag. Både miljøvernminister Bård Vegard Solhjell og fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud var blant talarane i dag. Statsråd Aasrud og Norsk Folkemuseums direktør Olav Aaraas vart overrekte ein fredingsplakett av miljøvernministeren.
Cindy Franke og barnekoret Stella Vitae stod for musikk og song, mens skodespelaren Henrik Årdal slo an den kulturhistoriske tonen ved å spele «Kong Carl Johan».
Kongstanken
Nettopp Kong Carl Johan var det som opphavleg fekk laga ein offentleg park her ute. I 1837 kjøpte Kongen eit større område på Bygdøy for sine eigne midlar. Han ønskte å la området bli folkepark, slik han hadde gjort det med Djurgården i Stockholm.
Tanken til Kong Carl Johan var å leggje til rette for friluftsliv, opplysning og underhaldning i eit vakkert landskap for befolkninga i den raskt veksande hovudstaden. Folkeparken på Bygdøy vart utvikla etter europeiske førebilete, med lysthus, utsiktplassar, serveringsstader, badeanlegg og fleire monument. Men tanken hans om eit samanhengande grønt parkbelte frå Slottsparken i Oslo og heilt ut på Bygdøy vart aldri realisert.
I dag vart delar av den gamle parken på Bygdøy freda.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.