Hopp til hovedinnhold

Endeleg i Oslo

21 år etter at ho vart tildelt Nobels fredspris er endeleg Aung San Suu Kyi i Oslo for å halde Nobelforedraget sitt. I føremiddag tok Hans Majestet Kong Harald imot Aung San Suu Kyi i audiens på Det kongelege slottet.
16.06.2012

Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørge Kronprinsen deltok òg under audiensen.

Nobelforedrag

Aung San Suu Kyi vart tildelt Nobels fredspris i 1991 for den ikkjevaldelege kampen sin for demokrati og menneskerettar i Myanmar (Burma). Mannen hennar og dei to sønene tok imot prisen på hennar vegner, sidan ho sjølv sat i husarrest. Denne situasjonen gjorde det naturleg nok òg umogleg for Suu Kyi å halde det tradisjonsrike Nobelforedraget.

No har tida komme, og både Kong Harald, Dronning Sonja og Kronprins Haakon er til stades i Oslo Rådhus når Aung San Suu Kyi no endeleg held Nobelforedraget.

Folkefest

I ettermiddag inviterer Nobel fredssenter på folkefest til ære for Aung San Suu Kyi. Arrangementet blir halde på Rådhusplassen i Oslo frå klokka 16.00.

På programmet står ei rekkje appellar, i tillegg til musikk og song ved blant anna Sølvguttene og Keystone State Boychoir, Ole Edvard Antonsen, Thom Hell, Guro von Germeten og Big Bang. Aung San Suu Kyi vil tenne Fredsflammen saman med representantar for Redd Barna, og fredsprisvinnaren vil òg tale.

Kronprins Haakon vil vere til stades under folkefesten på Rådhusplassen.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook