Norsk sjukepleiarforbund 100 år
24. september i 1912 vart Norsk sjukepleiarforbund grunnlagt. H.M. Dronninga var måndag kveld til stades på markeringa av 100-årsdagen i Operaen i Oslo.
Dronning Sonja overvar den spesiallaga festtilstellinga saman med over 1000 gjester. Dei aller fleste var medlemmer av Norsk sjukepleiarforbund. Forbundsleiar Eli Gunhild By ønskte velkommen, og statsminister Jens Stoltenberg talte til jubilanten.
Trommekorpset til forbundet opna tilstellinga med taktfaste rytmar og slag, og det heile vart avslutta med at alle gjestene song med på «Gratulerer med dagen».
– Gjer ein forskjell
Det blir arrangert fem regionale fagkonferansar i løpet av jubileumsåret. Det blir òg vist ei utstilling på Teknisk Museum om 100-årsjubilanten og rolla til sjukepleiaren frå vogge til grav. Den raude tråden i jubileet er at sjukepleiarar gjer ein forskjell.
I framhaldet av jubileumsmarkeringa blir den 9. nasjonale sjukepleiarkongressen arrangert i Oslo Spektrum tysdag og onsdag med tittelen «Sykepleie for fremtiden – erfaring gjennom 100 år». Det faglege programmet blir bygd opp rundt tema som kompetanse, kvalitet og kontinuitet som avgjerande for god sjukepleie.
Stort fagforbund
Mykje har skjedd sidan ei kvinne ved namn Bergljot Larsson etablerte Norsk sjukepleiarforbund for 100 år sidan. Da var det ikkje så mykje snakk om åttetimarsdagar, og kallstanken stod sterkt. Det innebar at sjukepleiarane ofte budde på sjukehusa og ikkje gifta seg.
I dag er Norsk sjukepleiarforbund det fjerde største fagforbundet i Noreg med over 99 000 medlemmer over heile landet.
Aktuelle saker

Norges største barneskole
Hans Majestet Kong Harald var til stede under åpningen av Norges største barneskole.

90 nasjonar på same skule
Hennar Majestet Dronninga besøker i desse dagar UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler. Skulen har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling.