Hopp til hovedinnhold

Møte om beskyttarskap

H.K.H. Kronprinsessa har 10 beskyttarskap. Onsdag tok ho imot fem av organisasjonane ho er beskyttar for, i audiens på Slottet – for å bli oppdatert på arbeidet deira.

14.12.2012


Dei fem organisasjonane og festivalane som fekk møte Kronprinsessa onsdag, var FOKUS (Forum for Kvinner og Utvikling), Rådet for psykisk helse, Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival, Risør Kammermusikkfest og Noregs Røde Kors.


Både FOKUS og Rådet for psykisk helse vart Kronprinsessa beskyttar for alt i 2001. Dei tre andre beskyttarskapa tok ho på seg i 2006. Beskyttarskapet for Noregs Røde Kors overtok Kronprinsessa frå Dronninga – som hadde hatt eit breitt engasjement for organisasjonen heilt sidan si første tid som Kronprinsesse.


Faste beskyttarskap

Dei kongeleges faste beskytterskapa blir innvilga for fem år om gongen. I tillegg hender det at medlemmer av kongefamilien tek på seg beskyttarskap for store internasjonale konferansar som blir haldne i Noreg.


Dei fem andre faste beskytterskapa til Kronprinsessa for inneverande periode er Amandus filmfestival, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Norges Speiderforbund, Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival og Stiftelsen Fullriggeren "Sørlandet".

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook