Hopp til hovedinnhold

Besøkte unge i Åmli

Hans Majestet Kongen besøkte tysdag Åmli kommune i Aust-Agder for første gong. Hovudformålet var å møte barn og unge på deira eigne arenaer i tillegg til å besøkje innovative lokale bedrifter.

30.01.2013

Etter å ha komme til Nelaug stasjon med Kongevogna møtte Kongen barn og ungdom på Åmli skule. Barnehagebarn og elevar frå barne- og ungdomsskulen fortalde Kongen om ulike prosjekt dei tek del i. Kong Harald fekk høyre om bygdas gode forhold til volleyball og fekk også sjå nokre av spelarane i aksjon. Åmli-elevar har utmerkt seg i «Nysgjerrigper»-konkurransen, og Kongen fekk ei grundig orientering om dette av 5.-klassingane ved skulen.

Stimulerer til leselyst og læring

Prosjektleiar Charlotte Aaser gav Kong Harald ei kort innføring i «Syng, snakk og les med meg» – eit prosjekt i barnehagen der barna gjennom variert leik blir stimulerte både i språk og motorisk utvikling. Opplegget har gode resultat når det gjeld å førebyggje lese- og skrivevanskar. Skolen har òg eit godt samarbeid med den lokale Frivilligsentralen om prosjektet Lyttevenn. Her hjelper eldre menneske dei unge ved å lytte når barna les, og forklare vanskelege ord og samanhengar dei unge kanskje ikkje forstår.

Kong Harald peika på det gode samarbeidet mellom unge og eldre i talen sin:

- Jo eldre jeg blir, jo sterkere føler jeg betydningen av å være sammen på tvers av generasjoner. Prosjektet Lyttevenn er en fin måte å gjøre det på. På skolen i dag fikk jeg høre om dette tiltaket – som har blitt like populært blant de unge som de eldre.

Før det var tid for lunsj, fekk Kongen høve til ein rolegare prat med nokre av elevane – og han fekk sjå ein smakebit frå filmen «Krigsår og fredsvår i Åmli», elevane sitt eige prosjekt i 8. klasse.

Prislønt næringsliv

Etter ein lunsj på Åmli rådhus besøkte Kongen den fleirkulturelle arbeidsplassen Kakemesteren, som har vorte ei nasjonal merkevare, før Åmli-besøket vart avslutta på Hillestad Galleri i Tovdal vest for Åmli sentrum. Der møtte Hans Majestet Borghild og Eivind G. Hillestad, som begge har fått Kongens Fortenestemedalje i gull. Ekteparet har bygd opp Hillestad til ei berekraftig og lønnsam kulturbedrift som nyleg fekk den høgthengande Bygdeutviklingsprisen.

Hillestad er kjend for både kringlebakst og smykkeproduksjon, og Kongen vart invitert til å montere eit smykke tiltenkt Dronninga.

 

Januar 2013 besøkte Kongen Åmli kommune i Aust-Agder for første gang. Hovedformålet var å møte ungdom på deres egne arenaer. I tillegg ble det besøk til to av kommunens innovative bedrifter -- Kakemesteren og Galleri Hillestad (Foto. Det kongelige hoff)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook