Hopp til hovedinnhold

Måleri av eidsavlegginga avduka

Han Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga var tysdag til stades ved ein seremoni i Stortinget. Høvet var avdukinga av måleriet som viser Kongens eidsavlegging i Stortinget 21. januar 1991.

20.11.2012

Måleriet som vart avduka, er eit parallellverk til måleriet som Stortinget gav Kongeparet i samband med 75-årsdagane tidlegare i år. Den gongen som no var det stortingspresident Dag Terje Andersen som stod for avdukinga.

Løva som symbol

Motivet viser Kong Harald og Dronning Sonja gåande inn i Stortinget under eidsavlegginga i 1991, følgd av ei løve, symbolet i riksvåpenet.

I bakgrunnen av måleriet har kunstnaren gjeve att Oscar Wergelands måleri av eidsvollsmennene som vitne til hendinga.

Gåve frå Stortinget

Kunstnaren Anne Sofie Monrad Vistven står bak begge måleria. Ho bur og jobbar i Oslo og vart uteksaminert frå Statens Kunstakademi i 2005.

Under avdukinga i Stortinget heldt kunstnaren ein tale saman med stortingspresidenten og leiar av konkurransejuryen Per-Kristian Foss.

Vistven vann konkurransen om å måle Stortingets fødselsdagsgåve til Kongeparet i konkurranse med tre andre biletkunstnarar.

Måleriet skal henge i Vandrehallen på Stortinget ved sida av måleriet av Kong Haakons eidsavlegging i 1905.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook