Hopp til hovedinnhold

Markerte Kings Bay

Hans Majestet Kongen la i ettermiddag ned krans ved bautaen som er reist til minne om dei omkomne i gruveulykka ved Kings Bay for 50 år sidan. Kong Harald var til stades ved minnemarkeringa i Ny-Ålesund på Svalbard – eit av dei nordlegaste samfunna i verda.

05.11.2012

Markeringa skjedde ved inngangen til den gamle gruva i Ny-Ålesund. I tillegg til Kong Harald deltok stortingspresident Dag Terje Andersen og statsråd Annikken Huitfeldt frå det offisielle Noreg. Pårørande og etterkommarar av dei som omkom, og gjenlevande gruvearbeidarar deltok òg ved arrangementet.

– Vi vil lage ei minnemarkering der vi på ein verdig måte kan minnast ulykka og dei som mista livet der. Dessutan vil vi markere at det er gått 50 år sidan hendinga som forandra Noreg. Den sette så store spor etter seg i historia vår og i den politiske utviklinga i landet at det kjennest rett å gjere det, sa styreleiar i Kings Bay AS Knut M. Ore.

Den verste gruveulykka i Noreg

Det var på kvelden 5. november 1962 det skjedde ein gasseksplosjon i gruva på Svalbard. 21 personar mista livet i ulykka.

Ti av dei døde vart henta ut og ført til fastlandet, der dei er gravlagde. Ulykka i Kings Bay er den verste gruveulykka i norsk historie.

Polarforsking

Som følgje av ulykka vart det i 1963 bestemt å leggje ned gruvedrifta i Ny-Ålesund.

Det statseigde elskapet Kings Bay AS driv i dag det vesle «bysamfunnet» Ny-Ålesund. Staden er eit av dei fremste sentra for internasjonal polarforsking i verda, med rundt 35 fastbuande om vinteren og ca. 180 om sommaren. Ca. 20 land driv forsking i Ny-Ålesund, 10 av dei har eigne forskingsstasjonar der.

Offisiell middag

Etter markeringa ved bautaen deltok Kong Harald ved ein middag i Ny-Ålesund, saman med etterlatne, pårørande og gjenlevande.

I morgon arrangerer Kings Bay AS ei fagleg orientering og dessutan ei omvising, der Kongen òg vil vere til stades.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook