Hopp til hovedinnhold

Prinsesse Lilian bisett

Prinsesse Astrid, fru Ferner representerte Kongehuset ved gravferda til Den Høgvørde Prinsesse Lilian i Slottskyrkja på Det kongelege slottet i Stockholm i ettermiddag.

16.03.2013

Prinsesse Lilian, som døydde 10. mars, var gift med onkel til Hans Majestet Kong Carl XVI Gustaf, avlidne Prins Bertil.

Seremonien

Båra til Prinsessa var omkransa av blomster og kransar frå Kongefamilien, det offisielle Sverige og annan familie.

Gravferdsseremonien vart forretta av overhoffpredikant og biskop emeritus Lars-Göran Lönnermark, assistert av hoffpastor Michael Bjerkhagen og prest i den engelske kyrkja Nicholas Howe. Den svenske Kongefamilien og gjester frå Europas Kongehus var til stades i Slottskyrkja.

Lagd til kvile

Etter seremonien vart båra til Prinsessa ført ut av kyrkja og køyrd i sorgkortesje frå Slottet til den Kongelege gravplassen, som ligg i parken på Haga slott. Prinsesse Lilian vart lagd til kvile ved sida av mannen sin, Prins Bertil.

Deretter var det svenske Kongeparet vertskap for ein minnelunsj på Slottet.

Prinsesse Lilian vart 97 år og var, i tillegg til Prinsesse, òg hertuginne av Halland. Ho gifta seg i 1976 med Prins Bertil, som ho trefte under krigen da han var marineattasjé ved den svenske ambassaden.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook