Hopp til hovedinnhold

På PS:hotell

I dag besøkte H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit PS:hotell på Vulkan i Oslo. Hotellet blir langt på veg av bemanna av personar på arbeidstrening og attføring og fungerer som eit springbrett over i det vanlege arbeidslivet.

19.03.2013

Hotellet blir drive av åtte faste fagleiarar saman med tilsette, der heile 80 prosent er på ulike arbeidsmarknadstiltak. Her får dei verdifull arbeidstrening gjennom drifta av hotellet og restauranten som høyrer til. Målet er faste jobbar andre stader, og PS:hotell «mistar» stadig tilsette til andre verksemder.

Hotellet seier sjølv at det er ein siger om nokon sluttar. Det betyr at vedkommande er gått vidare i ordinær jobb.

Innblikk i drifta

Kronprinsesse Mette-Marit fekk møte fleire av dei tilsette i dag. Resepsjonisten Mathias fortalde om ideen bak hotellet og kva det betyr for dei som jobbar der. Så bar det til restauranten, der Kronprinsessa fekk møte kokken Simon og sjå kjøkkenet i arbeid med førebuingane til dagens lunsj.

På rom 302 var personalet i full gang med å reie senger og gjere klart for nye gjester. Her møtte Kronprinsessa Fatou, som jobbar som stuejente, og kunne fortelje at ho var glad for å jobbe på hotellet, der ho trivst godt.

Etter omvisinga fekk Kronprinsesse Mette-Marit høve til å snakke med ei gruppe tilsette, som delte erfaringane sine med Kronprinsessa.

Til slutt vart det bode på fingermat frå kjøkkenet, og Kronprinsessa fekk smake på både kamskjel og kongekrabbe.

Gull i samfunnsansvar

Da reiselivsorganisasjonen HSMAI delte ute prisane sine for 2011, gjekk førsteplassen i kategorien Samfunnsansvar til Ps:hotell.

I grunngjevinga heiter det:

«Årets vinner har tatt tak i et økende samfunnsproblem, og gjennom å utplassere for å trene i stedet for å trene og så utplassere, har de skapt en ny læringsarena som bidrar til stor motivasjon hos sine medarbeidere. Hotellet tilbyr reelle arbeidsoppgaver, verdsettelse, mestringsfølelse og økt selvtillit til personer som er på vei ut i, eller tilbake til, arbeid. Juryen berømmer kandidaten for sin medmenneskelige omtanke, og gratulerer PS:hotell som vinner at kategorien samfunnsansvar.» 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook