Hopp til hovedinnhold

Bisetjing

Hans Majestet Kong Harald var til stades da Hjalmar «Hjallis» Andersen vart bisett frå Tønsberg domkyrkje i dag. Den store idrettsmannen døydde på Ullevål sjukehus 27. mars, 90 år gammal.

04.04.2013

I løpet av karrieren sin på skeisebanen vart heile Noregs «Hjallis» både noregsmeister, europameister, verdsmeister og olympisk meister. Med tre OL-gull på heimebane i Oslo i 1952 vart han legendarisk.

Statsminister Jens Stoltenberg heldt minnetale over «Hjallis» under bisetjinga i dag:

– Eit heilt folk omkransar i dag båra til Hjalmar Andersen. Vi følgjer skeisekongen til hans siste kvile slik nordmenn på 50-talet følgde han i kvar sving, kvar veksling og kvar målgang på tribunen og radio. Den gongen jubla vi. No sørgjer vi. Først og fremst takkar vi for Hjallis sitt bidrag til å forme ein heil nasjon, sa statsministeren i talen sin.

Idrettspresident Børre Rognlien og tidlegare skeiseløpar og idrettsleiar Hroar Elvenes var òg blant talarane under bisetjinga.  Domprost David Gjerp forretta.

Statsgravferd

Regjeringa æra Hjalmar Andersens minne gjennom ei gravferd på statens kostnad. I meldinga frå Statsministerens kontor heiter det:

«Hjalmar Andersen ble en idrettslegende mens skøytesporten var en del av nordmenns identitet, og han gikk inn i arbeidet for norske sjøfolk på en tid da skipsfarten var innvevd i nasjonens sjel. Slik bidro Hjallis til å forme viktige sider av etterkrigstidens Norge, og slik vant han en stor en plass i hjertene til flere generasjoner nordmenn.»

Hjalmar Andersen er den tredje idrettsutøvaren som blir heidra med gravferd på statens kostnad. Tidlegare har Birger Ruud og Grete Waitz vorte æra på denne måten.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook