Hopp til hovedinnhold

Aktiv som eldre

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøkte i dag fire spreke 100-åringar. Besøket skjedde i Vikersund, der dei fire fortalde om korleis det er å bli så gammal i Modum, og om kva kommunen gjer for seniorane sine.

09.04.2013

Modum kommune har satsa på aktive eldre i mange år og har eit tilbod til den eldre generasjonen som få andre kommunar kan matche. Kong Harald og Dronning Sonja er begge opptekne av at alderen ikkje skal vere til hinder for menneske som ønskjer å vere aktive.

På toppen av Vikersund

Da bilen til Kongeparet stansa opp utanfor Vingen – praktbygget på toppen av Vikersundbakken – vart dei møtte av fylkesmann Kirsti Kolle Grøndahl og ordføraren i Modum, Terje Bråthen. Kongeparet fekk blomster av Ingrid Solbakken (6) og William Fidjestøl (7), som begge er med i Vikersund Hoppgruppe, før dei gjekk inn for å treffe dei spreke 100-åringane.

Med kake frå Slottet

Inne i Vingen fekk Kongen og Dronninga helse på Martin Rimstad (100), Martha Jensen (100), Ingeborg Røste (100) og Anny Josefa Grøning, som blir 100 i juni. Etter ein innleiande helserunde sette Kongen og Dronninga seg ved kvar sitt bord saman med dei eldre. Kongeparet hadde med seg kaker frå Slottet i høve møtet med Modums eldste, dei passa godt som følgje til kaffien.

Under opphaldet i Vingen fekk Kongeparet informasjon om dei aktive pensjonistforeiningane i kommunen, i Geithus, Åmot, Vikersund og Drolsum, og dessutan informasjon om hoppsenteret i Vikersund. Dei kulturelle innslaga stod Håvard Svendsen for på trekkspel.

Før avreisa frå Vingen til Frisklivssentralen på Furumo presenterte ordførar Bråthen vinnarane av Modum kommunes kulturpris i 2010, Lars Bottolfs og Terje Simensrud, som fekk prisen for lang dugnadsinnsats for korpsrørsla i Modum.

Frisklivssentralen

På Furumo vart Kong Harald og Dronning Sonja mottekne av leiaren for Frisklivssentralen, Jorunn Killingstad. Til akkompagnement frå Sysle Blandede Kor demonstrerte eldre utandørsaktivitetar for Majestetane.

Kongen og Dronninga vart deretter tekne med inn i sjølve sentralen. Der fekk dei møte ei rekkje aktive eldre og fekk ei orientering om tilbodet Modum kommune har til dei eldste innbyggjarane sine – både frå kommunen sjølv og frå brukarane.

 

Kongeparet på besøk i Modum (Foto: Det kongelige hoff).

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook