Hopp til hovedinnhold

Kronprinsessa til Malaysia

27. til 30. mai deltek D.H.K. Kronprinsesse Mette-Marit på den internasjonale kvinnekonferansen Women Deliver, som i år blir arrangert i Kuala Lumpur.

23.05.2013

6000 deltakarar er venta til Kuala Lumpur når verdas største internasjonale kvinnekonferanse blir halden for tredje gong.

Deltakinga frå Kronprinsessa vil vere forankra i rolla som spesialutsending for FNs aidsprogram UNAIDS, og hovudoppgåva hennar vil vere å fokusere på kvinners og jenters livssituasjon i eit hiv/aids-perspektiv. Kronprinsessa er invitert til å delta i fire forskjellige paneldebattar om temaet.

Ungt leiarskap

Måndag 27. mai blir det arrangert ein førkonferanse for unge leiarar. Kronprinsessa vil leie ein rundebordssamtale om ungt leiarskap, noko ho har vore sterkt engasjert i gjennom mange år.

Ved sida av å delta på sjølve konferansen vil Kronprinsessa ha eit møte med malaysisk ungdom og besøkje ein heim for kvinner og barn som lever med hiv.

Mødredødelegheit

Konferansen Women Deliver fokuserer på å føre ulike sektorar saman. Organisasjonen arbeider globalt for å skape alliansar, engasjement og investeringar med hovudfokus på FNs tusenårsmål nummer 5 om å redusere svangerskapsrelatert dødelegheit med tre fjerdedelar og oppnå universell tilgang til reproduktiv helse innan 2015.

Tema for årets konferanse er kor viktig det er å investere i jenter og kvinner. Med dette som overskrift er det mange undertema, der hiv/aids er eitt.



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook