Hopp til hovedinnhold

Promoterte Noregs arbeid med kvinnehelse

D.H.K. Kronprinsesse Mette-Marit deltok i to paneldebattar om kvinners helse på dag to av besøket i Malaysia. Kronprinsessa besøkjer landet i samband med konferansen Women Deliver.

28.05.2013

Den første paneldebatten var i regi av FNs aidsprogram UNAIDS og fokuserte på korleis unge kvinner – ikkje minst dei som sjølve er hiv-positive – kan bli mest mogleg involverte i prosessane.

Som ein del av innlegget sitt valde Kronprinsessa å gje ordet til tre av dei unge kvinnene ho snakka med på eit formøte for unge leiarar måndag. Dei trekte fram tre viktige punkt:

  • Behovet for informasjon – gjennom obligatorisk seksualundervisning i skolen
  • Behovet for å invitere ungdom inn i fora som reell ressurs, ikkje som symbolske representantar for ei gruppe
  • Og til sist: Behovet for å snakke saman på tvers av generasjonar, i familiane, for å bryte ned dei kulturelle barrierane som hindrar kvinner verda over å bestemme over sin eigen kropp

Investering i jenter

Seinare på dagen deltok Kronprinsessa i ein debatt i regi av organisasjonen Population Services International (PSI) – med deltakarar frå helsesektoren globalt.

Den viktigaste bodskapen til Kronprinsessa var å styrkje samarbeid på tvers, ikkje minst mellom styresmakter og næringsliv. Ho trekte fram Noregs arbeid for å kjempe mot mødre- og barnedødelegheit.

Mottaking

Elles deltok Kronprinsessa tysdag på ein lunsj der statsministerfrua Datin Paduka Seri Rosmah Mansor var vertskap, og dessutan på ei mottaking for spesielt inviterte gjester i regi av Women Deliver. D.H.K. Kronprinsesse Mary av Danmark var òg til stades.



Kronprinsesse Mette-Marit i paneldebatt om kvinnehelse under den internasjonale konferansen Women Deliver, 28. mai 2013. NB: Klippet starter på 12 minutter. (Foto: Women Deliver)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook