Hopp til hovedinnhold

Fokus på verdas usynlege barn

Prinsesse Märtha Louise var torsdag til stades på lanseringen av UNICEF sin årlige rapport «State of the World’s Children» på Litteraturhuset i Oslo. Barn med nedsett funksjonsevne er i fokus i årets tilstandsrapport frå UNICEF. Eller barn med evner, som organisasjonen seier.

30.05.2013

– Barna er utvilsamt den viktigaste ressursen vår. Det er vår felles oppgåve å sørgje for at rettane deira blir sikra. Det er vårt ansvar å sjå evnene og moglegheitene til alle barn, uavhengig av kvar i verda dei bur, sa Prinsessa i opningshelsinga si.

Rapporten inneheld statistikk på alle basisfaktorar om korleis barn har det rundt om i verda på område som helse, ernæring, utdanning, hiv/aids, fattigdom, overgrep og vald. I år har rapporten eit spesielt fokus på «verdas 93 millionar usynlege barn» – funksjonshemma barn som ofte er ei sårbar og utsett gruppe i mange samfunn.

– I staden for det engelske uttrykket «disabled» føretrekkjer eg «different-abled». «Different-abled» seier noko om moglegheitene og potensialet vi alle har. Uavhengig av utgangspunktet har vi alle eit behov for å lære, utvikle oss, realisere draumar og ha det gøy, sa ho i talen.

Barn med evner

Generalsekretær i UNICEF Noreg, Bernt Apeland, presenterte sjølve rapporten, som blant anna peikar på at alle barn har like rettar uansett kor stor funksjonsevne dei har. Derfor er det viktig at barn med nedsett funksjonsevne også blir synlege i statistikkane, slik at ein kan gje dei gode og målretta tiltak.

Jon Henrik Larsen eig og er dagleg leiar i mediebedrifta Salangen-Nyheter. Han er autist og erklært 80 prosent ufør. Larsen delte sine erfaringar frå oppveksten og det å utnytte evnene sine i arbeidslivet. Dei mange historiene hans om nyheitsjakt på moped og den viktige støtta frå familie og lærarar vekte stor begeistring i salen.

Følgde opp med debatt

Statssekretær Gry Larsen frå Utanriksdepartementet heldt eit innlegg om «En inkluderende utenriks- og utviklingspolitikk», før ein paneldebatt der følgjande viktige spørsmål vart teke opp: «Hvordan skape inkluderende samfunn og utnytte alle barns evner? Hva innebærer det at alle barn har like rettigheter? Hva må til? Hva kan Norge bidra med? Hva med våre egne holdninger?»

Avslutningsvis fekk Prinsessa og resten av publikum høyre Torshovkorpset spele. Dette korpset består av musikantar med samansette lærevanskar eller ei anna utviklingshemming.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook