Hopp til hovedinnhold

Den store Munch-utstillinga opna

D.H.K. Kronprins Haakon var til stades i Universitetets aula i Oslo under opninga av jubileumsutstillinga «Munch 150» i jubileumsåret 2013. Utstillinga er den største samlinga av kunsten til Edvard Munch nokon gong.

02.06.2013

"Munch 150" presenterer hovudverk frå alle periodar og gjev eit overblikk over livsverket til den verdsberømte kunstnaren.

Verka blir viste både i Nasjonalgalleriet og på Munch-museet, totalt 270 i talet.

Offisiell opning

Kronprinsen vart motteken av ordførar Fabian Stang, rektor ved Universitetet i Oslo Ole Petter Ottersen, direktør ved Munch-museet Stein O. Henrichsen og direktør ved Nasjonalmuseet Audun Eckhoff.

Han fekk sjå eit program som bestod av kunstnarlege innslag ved Tine Thing Helseth, Nina Gravrok og Sveinung Bjelland og ei rekkje talar. Kulturminister Hadia Tajik stod for den offisielle opninga.

Utstillinga vil stå fram til 13. oktober.

Munch-året

Utstillinga "Munch 150" er høgdepunktet i Munch-året, som markerer at det er 150 år sidan Edvard Munch vart fødd.

– Han gjer oss stolte av å vere norske, og han inngår i vår kulturelle identitet, sa Kong Harald under opninga av jubileumsåret i januar.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook