Hopp til hovedinnhold

Sjå om igjen!

– Det var temaet for seminaret og samtalen som D.H.K. Kronprinsen hadde frå scenen med generalsekretær Sturla Stålsett i Kirkens Bymisjon onsdag. Organisasjonen er samla til det årlege personalseminaret sitt på Sundvolden hotell på Ringerike.

05.06.2013

Jeg har ikke for vane å være på personalseminar, sa Kronprinsen til stor latter frå salen, - men jeg er her fordi bymisjonen er med på å legge grunnlaget for det som binder oss sammen i samfunnet. Dere gjør en innsats i det daglige som er viktig, opna Kronprinsen med å seie framfor dei rundt 400 deltakarane.

Sjå ein gong til

Kronprinsen og Sturla Stålsett fortalde begge sterke historier om verdigheit og det å måtte justere førsteinntrykket og sjå menneske ein gong til. Historieforteljing står sentralt i Global Dignity-opplegget, der dei begge har vore rettleiarar og leidd ein samtale om verdigheit på skolar og i fengsel.

Kronprins Haakon fortalde frå besøket på ein skole i Jordan. Ei jente fortalde om mattelæraren sin som var blind. Ho var sjølv ein ambisiøs elev og frykta at den blinde læraren ikkje ville kunne halde tilstrekkeleg disiplin i timane, slik at det ville gå ut over undervisninga. Det kunne jo bli sendt lappar mellom pultane og gjort teikn i timen utan at læraren såg det. Men ho tok feil. Læraren var dyktig og undervisninga god. Seinare fekk ho òg vite at denne læraren var den første blinde i landet som hadde teke doktorgraden PhD.

Svarte på spørsmål

Stålsett følgde opp samtalen med ei rekkje spørsmål:

  • “Ingen er berre det du ser” – gjeld det òg for ein Kronprins?
  • Sjå om igjen – også oss sjølve? Korleis kan vi finne indre balanse mellom ulike roller, ulike forventningar, ulike blikk på oss sjølve?
  • Kvar trykkjer skoen i samfunnet vårt no, slik Kronprinsen vurderer det? Kvar er verdigheita mest utsett?


Etter eit musikkinnslag av Solfrid Molland og Gheorghe Vasile vart samtalen utvida med gjester frå Bymisjonen: Johanna Fraenkel, Marianne Bjørnson Roen og Kjetil Sandsengen.

Besøket vart avslutta med at Kronprinsen svarte på spørsmål frå salen. Dei handla om korleis Kronprinsparet snakkar med barna sine om respekt, om Kronprinsen har vore i ein situasjon der han har måtta justere førsteinntrykket, og om det er område der Kronprinsen ser at Bymisjonen kan vere tøffare.



 



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook