Hopp til hovedinnhold

Tilbake på Haakonsvern

I dag var D.H.K. Kronprins Haakon tilbake på Haakonsvern, Sjøforsvarets hovudbase utanfor Bergen. Høvet var feiringa av 50-årsjubileet til orlogsstasjonen.

07.06.2013

Kronprinsen var sjølv stasjonert på Haakonsvern under den militære utdanninga si. I dag vende han tilbake for å markere jubileet.

21 kanonskot ønskte Kronprinsen velkommen da han kom i dag tidleg, i følgje med generalinspektøren for Sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt.  Etter ei kort orientering om verksemda ved Haakonsvern i dag drog følgjet til appellplassen for inspeksjon.

Inspiserte æresgarden

På appellplassen vart det høgtideleg inspeksjon av æresgarden ved stasjonen, som består av 48 vernepliktige.  Inspeksjonen vart etterfølgd av talar, både frå forsvarsministeren og frå generalinspektøren for Sjøforsvaret.

Kronprinsen fekk ei kort omvising på det militære treningsanlegget, før han og dei andre gjestene fekk sjå ein film med høgdepunkt frå Haakonsverns historie.

Haakonsvern

Haakonsvern orlogsstasjon er hovudbasen til Sjøforsvaret og den største marinebasen i Norden. Han ligg åtte kilometer vest for Bergen sentrum, og om lag 4 000 personar tenestegjer her – som vernepliktige eller som militært eller sivilt tilsette.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook