Barnas eigen skulptursti
I dag kunne H.H.K. Kronprinsesse Mette-Marit delta ved opninga av ein skulptursti av og for barn. Ti skulpturar, alle skapte av barn, er plasserte på Akershus festning, der dei vil ha fast plass i tre år.
Kronprinsessa avduka skulpturen «Gjennom veggen» saman med fem av dei unge kunstnarane – Ole Marius, Lukas, André, Niclas og Odin.
951 bidrag
- Barna bruker byen og blir påverka av byen som oss andre, men dei er i forsvinnande grad med på å påverke korleis byen blir forma. Det ønskjer vi å gjere noko med, sa direktør Frode Helgerud i Sparebankstiftelsen DNB da dei lyste ut konkurransen våren 2012.
Oppgåva var å lage utkast til ein skulptur. Barna kunne sende inn teikningar, skisser eller modellar. Dei stod fritt i val av idé, formspråk og materiale, men måtte ta omsyn til omgjevnadene på Akershus festning og historia til festninga – og dei måtte eigne seg for barn.
Alle barneskolar i Oslo, pluss utvalde skolar i Fredrikstad, Lillestrøm, Lillehammer, Drammen, Larvik og Skien, vart inviterte til å delta – men konkurransen var open for barn frå heile landet.
Prosjektet vart fletta inn i kunst- og handverksundervisninga, og det kom inn heile 951 bidrag. Dei blei vurderte ut frå form og funksjon, originalitet og i kor stor grad dei lét seg gjennomføre. Juryen valde ut 10 vinnarar, som fekk høve til å følgje produksjonsprosessen frå egne skisser og fram til ferdig skulptur. Skulpturane vart plasserte på Akershus festing.
Opning
I dag var det stor opning ved Karpedammen på festninga. Oslo-ordførar Fabian Stang tok imot Kronprinsessa da ho kom, saman med prosjektleiar Nina Molven frå kulturhuset Qulthus og Sparebankstiftelsens Marcus Christensen.
Fem av barna som har fått realisert skulpturane sine, var òg med, og det var dei som saman med Kronprinsesse Mette-Marit stod for avdukinga.
Gjennom veggen
Ole Marius, Lukas, André, Niclas og Odin frå 5A ved Grindbakken skole i Oslo står bak skulpturen "Gjennom veggen". Dei omtalte bidraget sitt slik:
"Gjennom veggen er en skulptur av en mann, en gutt og en hund som har løpt gjennom en vegg. Du kan hoppe gjennom den, gå gjennom den, og klatre på den. Den skjermer for sol og regn, og skal være av stein."
Juryen vurderte bidraget slik: Eit flott, monumentalt arbeid. Eit uttrykk som kommunsierer med omgjevnadene på Akershus festning. Ein møter veggen, hindringar på livsvegen, men alle finn si eiga retning.
Fleire omtaler og grunngjevingar er tilgjengelege på Sparebankstiftelsen sine sider – følg peikaren til høgre.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.