På fylkestur i Vest-Agder
I dag starta Kronprinsparets fylkestur i Vest-Agder. I løpet av tre dagar skal seks av kommunane i fylket få besøk. - Jeg har gledet meg veldig til å reise på fylkestur i hjemfylket mitt for aller første gang, sa Kronprinsessa i den første talen på reisa.
Dei Kongelege fekk ei varm mottaking da Kongeskipet segla til Flekkefjord i dag tidleg. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit tok seg god tid til å helse på mange av dei som var møtte fram på kaia, før følgjet reiste vidare mot Sirdal. Etter ein ikkje-planlagt stopp ved Gyland skole, der Kronprinsparet ønskte å helse på barn som hadde møtt fram ved vegen, kom følgjet til Sirdal ved halv elleve-tida.
Skolebesøk
Ordføraren i Sirdal, Jonny Liland, ønskte Kronprinsparet velkommen til Sirdal. Saman med fire blomsterbarn tok han imot Kronprinsen og Kronprinsessa på Tonstad skule. Inne i aulaen hadde om lag tjue elevar frå dei ulike nasjonalitetane som er representerte ved skolen, teke oppstilling, kvar med sitt flagg.
Kronprins Haakon og Kronprinsessa fekk ei omvising på skolen og besøkte eit av klasseromma. Her heldt 2. trinn til, og det vart eit hyggeleg møte med barna, som hadde gruppearbeid i dag.
Tonstad har elevar frå 1. til 10. trinn, og vegg i vegg ligg barnehagen. Da omvisinga var over, spaserte Kronprinsparet over til Sirdal vidaregåande skole, som også ligg like ved. Her fortalde elevar om skolekvardagen og viste eksempel på aktivitetar knytte til undervisninga. Det vart òg song og eit lokalhistorisk innslag i amfiet, før det var tid for lunsj.
Folkelunsj ved kulturhuset
På kulturhuset i Sirdal stod tradisjonsmat på menyen. Lokale råvarer vart serverte, og gjestene fekk smake både graven aure, steikt røye, vilt og storfe. Alt som skjedde inne i festsalen, vart streama og vist i området utanfor, der mange tok del i folkelunsjen.
Sira-Kvina kraftselskap er ei hjørnesteinsbedrift i Sirdal, og i talen sin peikte Kronprinsesse Mette-Marit på kor viktig vasskrafta er som ein stabil leverandør i ei framtid med mindre vekt på fossile energikjelder. Kronprinsessa spøkte òg med at det kunne bli eit meir uformelt kongebesøk dersom planane om å gjere elva Sira lakserik igjen, skulle bli ein suksess.
Vasskraft
Etter lunsj var det nettopp vasskrafta som stod i fokus. Da besøkte Kronprinsparet Tonstad kraftverk for å høyre meir om drifta der og Sirdals visjonar om å bli eit «grønt batteri» i europeisk samanheng.
Kronprinsen og Kronprinsessa fekk høyre om drifta og historia til selskapet og fekk òg ein presentasjon frå boreselskapet Norhard. Kronprinsparet besøkte både maskinsalen og turbinetasjen og fekk sjå kor store krefter som vart sette i sving da aggregat 5 starta opp. I maskinsalen var det òg eit kunstinnslag, idet Per Odd Aarrestads skulptur «Rein energi» vart lyssett.
Vidare til Hægebostad
Etter besøket ved Tonstad reiste Kronprinsparet vidare til Hægebostad. Her gjekk turen først til Tingvatn fornminnepark og besøkssenter, der Kronprinsen og Kronprinsessa fekk presentert ei rekkje lokale talent innan både song og musikk, litteratur – og jo-jo. Kronprinsen berømma både dei unge utøvarane og innsatsen som blir lagd ned i kulturskolane rundt om.
Etter talar og framsyningar vart det omvising på Tingvatn, som kan skilte med sin eigen myteomspunne «Stonehenge».
Kjøkkenteneste
I talen sin peikte Kronprins Haakon på ein trend i utvikling:
- Den handler om at vi i større grad ønsker det litt spesielle, det vi kan knytte tradisjon og historie til, som styrker lokalsamfunnet gjennom bruk av kortreiste materialer og lokal arbeidskraft. Dette er Hamran kjøkken et hederlig eksempel på.
Og ved Hamran Kjøkken og Snekkerverksted fekk Kronprinsparet testa både sjølve kjøkkenproduksjonen og matproduksjonen på kjøkkenet. Etter ei omvising i den tradisjonsrike bedrifta kunne Kronprinsparet delta i monteringa av dei siste bitane av eit kjøkken. Deretter var det inn på prøvekjøkkenet og på med forkle for å vere med å lage fingermat til inviterte gjester.
Vidare
Frå Hamran forlét Kronprinsen og Kronprinsessa Hægebostad for å returnere til Kongeskipet og reisa vidare. I morgon held fylkesturen fram. Kronprinsparet vil gå i land i Lindesnes klokka 09.00 og reise til Audnedal. Så reiser følgjet vidare til Åseral, før dagen blir avslutta i Mandal.
Aktuelle saker
Gardens kirkeparade i Oslo domkirke
Hans Majestet Kongens Gardes kirkeparade er en årlig førjulstradisjon for ansatte, offiserer og vernepliktige i Garden. Hans Majestet Kongen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede ved den høytidelige gudstjenesten i en fullsatt domkirke.
Solidaritetsmarkering i Oslo domkirke
I anledning FNs internasjonale solidaritetsdag for det palestinske folk inviterte Oslo domkirke til en solidaritetsmarkering. Hans Majestet Kongen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede.