Clinton-konferansen i New York
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit deltek denne veka på det årlege møtet i Clinton Global Initiative (CGI). Organisasjonen jobbar for å samle verdas leiarar for å vise fram og finne løysingar på dei største utfordringane i verda.
Konferansen vart starta av president Bill Clinton i 2005, og temaet i år er «Mobilisering for påverknad». Det handlar om å involvere dei rette menneska og ressursane for effektivt å kunne gjere noko med dei globale utfordringane.
Norske Yara løfta fram
På ettermiddagen møtte Kronprinsessa Jørgen Ole Haslestad, konsernsjef for det norske gjødsel- og kjemiselskapet Yara.
Haslestad hadde da akkurat delteke i panelmøtet «Making the Shared Value Case to Investors», der han snakka om Yaras reviderte forretningsstrategi, som handlar om å generere verdi ikkje berre for investorar og kundar, men òg for samfunnet. Det handlar blant anna om at bønder blir sikra større avlingar gjennom meir nøyaktig gjødsling, som er meir miljøvennleg og bidreg til mindre avskoging.
Det norske selskapet er eitt av få selskap som blir trekte fram som såkalla «featured commitment» under konferansen og får anerkjenning av CGI for engasjementet sitt og forpliktinga si til å bidra til å løyse matvaremangelen i verda på ein miljømessig og berekraftig måte.
Kampen mot aids er ikkje over
Kronprinsessa er i New York for å følgje opp engasjementet sitt innan global kvinnehelse og for UNAIDS spesielt.
På søndag innleidde ho under konferansen Social Good Summit. Tidlegare same dag var ho i dialogmøte med 50 innovatørar innan teknologi og bruken av nye medium. Kronprinsessa utfordra dei til å komme opp med gode idear for korleis UNAIDS kan komme ut med bodskapen sin til ein ny generasjon unge. Kampen er ikkje over sjølv om det har vore gjort store framsteg gjennom den 30 år lange historia til hiv-epidemien.
Måndag la FNs aidsprogram UNAIDS fram nye tal som blant anna viser at talet på nysmitta barn har gått ned med 52 prosent sidan 2001.
CGI-konferansen fortset fram til torsdag.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.