Hopp til hovedinnhold

Besøkte motorjubilant

Hans Majestet Kongens bil vart eskortert av ungdommar på ATV og trialsyklar da han kom til Osloungdommens Motorsenter i Hvervenbukta torsdag ettermiddag.

18.10.2013

Da alle hadde sett frå seg køyretøya, var det representanten for ungdommane, Petter Bjerlin, som ønskte Kongen velkommen og heldt velkomsttale i kafeen ved senteret saman med ordføraren i Oslo, Fabian Stang.

Ved Osloungdommens Motorsenter i Hvervenbukta er det ikkje berre målgruppa på 10–25 år som oppheld seg. Veteranane som var med på å byggje senteret på 60-talet, vankar der framleis. I 2012 var 13 000 motorinteresserte innom 50-årsjubilanten, som sidan oppstartsåra har vorte utvida med tre modellbilbanar, trialområde og to løyper for ATV.

Meistring med motor

Osloungdommens Motorsenter samarbeider med barnevernet, utekontaktar og skular. Dei unge får oppleve meistring, som dei tek med seg vidare i kvardagen. På dagtid er verksemda retta inn mot førebyggjande arbeid, der elevar frå vidaregåande skular er utplasserte for å få eit innblikk i arbeidslivet. Elevane er med på å utføre oppgåver saman med ein arbeidsleiar. Lokala til senteret blir også brukte til alternativ undervisning.

Trialoppvisning

Kong Harald fekk sjå trialoppvisning frå Motorsenterets trialklubb ute i terrenget, før han fekk sjansen til å snakke med motorentusiastane. Frå den spede starten og fram til i dag har trafikkopplæring og førebyggjande arbeid vore i fokus. I løpet av den 50 år lange historia til motorsenteret har det vorte laga tre modellbilbanar og trialområde. ATV-køyrande har to løyper å velje mellom.

I verkstaden møtte Kongen ungdom som mekkar på bilar og syklar, blant dei Kristoffer Hermansen, som er ein av dei som bruker tid her for å skru bil.

Besøket vart avslutta med eit måltid i Festsalen saman med Madelene Hyldegaard (trial), Camilla Fossum Larre (AO og trial), Daniel Andreassen (modellbil, mekkegruppe, trial og ATV), Nikolai H. Kjos (modellbil, trial og ATV), Martin Karlsen (trial), Kristoffer Hermansen (AO, Avd. nærhjelp, trial og ATV-instruktør og mekkar), ordførar Fabian Stang  og driftsleiar Vigdis Gjeraldstveit.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook