Sunnmøringar kryssast ved Kings Cross
Hennar Majestet Dronninga opna torsdag kveld utstillinga Ørnulf Opdahl: Paintings and Prints i Kings Place Gallery – i eit London prega av sunnmøringar.
I samband med London Jazz Festival passar Opdahl si utstilling svært godt til musikaren Nils Petter Molværs sine konsertar ved Kings Place, på Scene Norway 2 dei neste dagane. Ved hjelp av ulike kunstnarlege uttrykk vil Opdahl og Molvær fokusere på deira felles arv frå Ålesund og dei kringliggjande øyane i havgapet på Sunnmøre.
Felles referansepunkt
Nils Petter Molvær er fødd på Sula utanfor Ålesund – ei av naboøyane til Godøya, der Ørnulf Opdahl burog arbeider.
- Opdahl malar hjørnet av øya min mykje!, seier Molvær, som har kalla plateselskapet sitt nettopp «Sula».
Enden av Sulafjellet sikarakteristisk form kan sjåast frå Opdahls stovevindauge, og er eit viktig element i mange av maleria hans.
Fleire sunnmøringar
I følgje kuratoren, Mara Helen Wood, er det også ein musikalsk og geografisk link til fleire av artistane som opptrer på Scene Norway 2 dei neste dagane:
Fiolinisten Annbjørg Lien og songaren Hilde Marie Kjersem har røtene sine i landskapet rundt Ålesund, og finn musikalsk klangbotn i Opdahls maleri og trykk. Barnebokforfattaren og sunnmøringen Maria Parr skal skal også opptre for barn og vaksne med si svært populære bok «Vaffelhjarte», laurdag 16, november.
Opdahls utstilling på Kings Place Gallery varar til 24. januar.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.