Hopp til hovedinnhold

Bruk hue!

H.K.H. Kronprins Haakon deltok på Antimobbedagen i Narvik i dag. "Bruk Hue" er den største kampanjen i Noreg mot digital mobbing blant barn og unge.

03.03.2014

I regi av Bruk Hue under Folkehelseveka i Narvik vart digital mobbing sett på agendaen i dag. Ungdomsskoleelevar var samla i Idrettens hus i Narvik under arrangementet som kickstarta Folkehelseveka.

Breitt samarbeid

Telenor, Raudekrossen ved Kors på halsen, Medietilsynet og Barnevakten har samarbeidd som å utarbeide Bruk Hue-turneen – ein eigen skoleturné som set fokus på digital mobbing og korleis både unge og vaksne kan kjempe mot mobbing på nett og mobil. Formålet er å gjere både ungdom, foreldre og lærarar meir medvitne om kva digital mobbing er, kva som kan skape mobbesituasjonar, og kva slags psykiske og juridiske konsekvensar digital mobbing kan få.

– Snakk om det

Kronprinsen snakka til elevane om kor viktig det er å ta aktiv avstand frå mobbing og heller vere ein positiv faktor i miljøet. I ei undersøking frå januar 2013 gjennomført av Norstat for Telenor svarer fire av ti av dei spurde barna at dei har opplevd å bli mobba. I den same undersøkinga svarer 78 prosent av barn som har hatt besøk av kampanjen, at dei har kunnskap om digital mobbing og korleis det kan handterast. Blant dei som ikkje har hatt besøk av turneen, svarer 50 prosent det same.

– Den gode nyheita er at når det er eit menneskeskapt problem, så er òg ei menneskeskapt løysing mogleg. Og du kan vere med på den løysinga! oppmoda Kronprins Haakon.

Folkehelseveka

I tida 3.–7. mars arrangerer Narvik kommune Folkehelseveka 2014 i samarbeid med ei rekke foreiningar og institusjonar i lokalsamfunnet. Formålet er å synleggjere dei tilboda som eksisterer i Narvik kommune. I år har komiteen valt å fokusere på eldre, funksjonshemma og ungdom.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook