Hopp til hovedinnhold

Kvinner på Eidsvoll

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit feira kvinnedagen i Rikssalen på Eidsvoll. Her inviterte Eidsvoll 1814 til 8. mars-arrangementet "Unge kvinner former framtida".

08.03.2014

– For 200 år sidan var 112 menn samla i dette rommet og definerte grunnmuren vi byggjer liva våre og landet vårt på. 71 år seinare, ein sein haustkveld i 1885, møttest Anna Rogstad, Anne Holsen og Gina Krog på Grünerløkka i Oslo og vart einige om å stifte Kvindestemmeretsforeningen. Desse kvinnene bestemte seg i 1885 for stå vakt for at også kvinner skulle ha definisjonsmakt i demokratiet Noreg. I 1913 fekk dei gjennomslag for saka si, og eit einstemmig Storting vedtok at kvinner skulle få stemmerett. (...) At norske kvinner kom sterkare med i arbeidslivet og dei siste tiåra har gjort eit sprang på karrierestigen, har vore enormt viktig for samfunnet. Frå eit økonomisk perspektiv er dette viktigare for Noreg enn olje og gass.

Slik starta Kronprinsessa opningstalen sin på Eidsvoll i dag.

Kvinneperspektiv

Feiringa av kvinnedagen er det første arrangementet i Rikssalen etter opninga av den nyrestaurerte Eidsvollsbygningen. Temaet for dagen var «Unge kvinner former framtida». Temaet vart belyst gjennom eit mangfald av kvinnestemmer med eit nasjonalt og internasjonalt blikk på demokrati i eit kjønnsperspektiv.

Filmskapar Margreth Olin, gründer og statssekretær Dilek Ayhan og miljøaktivist Silje Lundberg tok for seg høvesvis kunstnarens samfunnsrolle, kvinneleg entreprenørskap og miljøvern. Rina Mariann Hansen (FOKUS) såg på kvinners situasjon i eit globalt perspektiv og diskuterte kva som er dei mest sentrale utfordringane framover.

Sentrale utfordringar

Kronprinsesse Mette-Marit peika på kvinner, og kanskje spesielt unge kvinner, som endringsaktørane våre for framtida og også ein del av løysinga i både nasjonale og internasjonale samanhengar. Å investere i unge kvinner løftar familiar, samfunn og land og er avgjerande for å nå FNs tusenårsmål generelt, men spesielt mål nummer tre, som handlar om å styrkje kvinners stilling. Vi er ved eit heilt spesielt punkt i historia der vi faktisk kan avskaffe ekstrem fattigdom i verda. Ei av dei viktigaste investeringane i tida framover er å styrkje jenters og kvinners stilling i alle stadium av livsløpet.

«Likskap for kvinner – framskritt for alle»

I talen sin understreka Kronprinsesse Mette-Marit at likestilling betyr at land blir i stand til å gjere så mykje meir.

– Det er ikkje logisk at eit land skal bruke talenta og ressursane til berre halve befolkninga. FNs tema for kvinnedagen i år er «Likskap for kvinner tyder framskritt for alle». Det er påvist at når ei kvinne bruker pengar, kjem det i mykje større grad fleire enn henne sjølv til gode enn når menn forvaltar ressursane. Kvinner vel i større grad å bruke pengar på familie og lokalsamfunn. Ved å styrkje kvinners stilling kan derfor heile samfunn få betre levevilkår, noko som hevar livskvaliteten til både menn, kvinner og barn, sa Kronprinsessa.           

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook