Portrett av Dronninga
I 1982 vart Kronprinsesse Sonja portrettert av Andy Warhol i New York. No har fotokunstnaren Mette Tronvoll portrettert Hennar Majestet Dronninga i den norske skjergarden. Dronninga var til stades da utstillinga opna i Nasjonalgalleriet i ettermiddag.
Sommaren 2013 hadde den norske fotokunstnaren Mette Tronvoll ein fotosession med Dronning Sonja på Verdens Ende. Resultatet av møtet vart fotoserien «Mette Tronvoll. Portretter av Dronning Sonja», ein liten portrettserie som no blir vist i Nasjonalgalleriets prosjektrom.
Portretta viser ei uformell dronning. Kunstnaren har lagt vekt på det personlege forholdet Dronninga har til naturen på ein stad som står henne og familien hennar nær.
Møte i felles rom
– Bileta er saklege, baserte på nøye observasjon, men prosjektet er romantisk. Det handlar om møtet mellom menneske. Å sjå det gjennomlevde og sanninga. Det er der skjønnheita ligg gøymd. Eg har tru på at menneske kan møtast. Ved å bruke tid saman med dei eg tek bilete av, oppstår det situasjonar som gjev ein type spenning til portretta. Å gå inn i slike felles rom og ta folk for det dei er og akseptere det, er mitt prosjekt, sa fotograf Mette Tronvoll til D2.
På opninga i dag fortalde Tronvoll om historia bak bileta og vegen fram til utstilling.
Tronvolls portrettserie er ei vidareutvikling av fordjupinga hennar i det fotografiske portrettet. På 1990-talet vekte ho særleg interesse med dobbeltportretta sine. I dei seinare arbeida sine har ho utvikla sjangeren vidare gjennom å inkludere eit miljø eller eit landskap. Med portretta av Dronninga på Verdens Ende tek kunstnaren inn randsona i det norske landskapet, slik ho òg gjer i ein ny serie portrett og landskap frå Svalbard.
Historia til portrettet
Portrettet er eit av dei eldste motiva i kunsten. Den kongelege portrettradisjonen var symbolladd – klesdrakt, positur og utvalde attributt representerte stordom og verdigheit. Denne tradisjonen vart overført til fotografiet da det kom. Seinare utvikla det seg ein eigen hoff-fotografisk tradisjon, som gjekk frå ein symbolladd og opphøgd presentasjon av det kongelege til det private og nære.
Det er denne tradisjonen Mette Tronvolls portrett av Dronning Sonja er ei vidareutvikling av, skriv Nasjonalgalleriet på heimesidene sine.
Opnar 19. mars
Kunstnaren Mette Tronvoll (f. 1965) er utdanna ved Parsons School of Design (The New School of Social Research). Ho er representert i ei rekkje offentlege samlingar i inn- og utland, blant anna i Moderna Museet, Metropolitan Museum of Art og Kunsthalle Kiel.
Utstillinga «Mette Tronvoll. Portretter av Dronning Sonja» er open for publikum i perioden 19. mars–8. juni 2014.
Aktuelle saker
Gardens kirkeparade i Oslo domkirke
Hans Majestet Kongens Gardes kirkeparade er en årlig førjulstradisjon for ansatte, offiserer og vernepliktige i Garden. Hans Majestet Kongen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede ved den høytidelige gudstjenesten i en fullsatt domkirke.
Solidaritetsmarkering i Oslo domkirke
I anledning FNs internasjonale solidaritetsdag for det palestinske folk inviterte Oslo domkirke til en solidaritetsmarkering. Hans Majestet Kongen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede.