Førebudd på påska
H.K.H. Kronprins Haakon deltok på Redningsselskapets øving i Moss i dag. Kronprinsen vart sjølv redda opp av vatnet under ein demonstrasjon av påskeberedskapen ved kysten.
Generalsekretæren i Redningsselskapet orienterte innleiingsvis om påskeberedskapen, og maritim direktør Odd Arne Haugeng informerte om redningsskøytene, før Kronprinsen vart følgd til RS «Horn Flyer» og ei øving.
Redda 350 liv
Redningsselskapet vart stifta i 1891 og arbeider for at kysten skal vere ein trygg stad å ferdast. Med dei 46 redningsskøytene sine dekkjer Redningsselskapet (RS) norskekysten og dei to største innsjøane, Mjøsa og Femunden. Dei siste ti åra har RS-mannskap redda 350 liv, berga 1000 fartøy frå forlis og hjelpt 130 000 menneske i båt.
Redningsselskapet assisterte 14 215 menneske i 2013. Det er 2254 fleire enn i 2012. Aldri før har så mange fått assistanse frå redningsskøytene som i 2013. Det vart gjeve assistanse til laste- og passasjerfartøy 2565 gonger.
Kronprinsen i vatnet
Skipsførar Pål Bustgard kunne ønskje Kronprinsen velkommen om bord på RS «Horn Flyer», der han fekk sitje i styrmannsstolen og bli orientert om øvinga. Så var det på tide for Kronprins Haakon å trekkje i overlevingsdrakt og hoppe i sjøen frå akterdekket. Redningsmann Anders Ødmann festa lina om Kronprinsen og redda han tilbake til båten. Det vart òg gjennomført ei brannøving før øvinga vart avslutta og RS «Horn Flyer» la til ved Sjøbadet.
Opplæring
Kvart år lærer meir enn 30 000 barn og unge sjøvett av Redningsselskapet gjennom møte med den vesle redningsskøyta «Elias», sjøvettseglas for barneskulen, Ung-lag, sommarskular og ungdomsleirar. Tilbake på bryggja vart Kronprinsen orientert om det frivillige arbeidet som skjer i RS, og ein liten tur med i redningsskøyta «Elias» av Laila Lynne.
Kristin Urbyes historie
Kronprinsen fekk òg høyre om arbeidet til RS Sjøredningskorpset, Ung-båt, Servicebåt og RS Sommarpatrulje, før det det vart fiskesuppe til lunsj på stranda. Etter måltidet fortalde Kristin Urbye om da ho opplevde ei tragisk båtulykke i Kragerø i 2013. Urbye berga livet, men ein av vennene hennar vart hardt skadd, og to av vennene omkom.
Aktuelle saker

Utnemning til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnemnt Frøydis Ree Wekre (Stabekk) til Ridder 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

50 år på den svenske tronen
Hans Majestet Kongen, Hennes Majestet Dronningen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen er til stede ved markeringen av Hans Majestet Kong Carl XVI Gustafs 50-års regentjubileum i Stockholm.