Hopp til hovedinnhold

Delte ut Eksportprisen 2014

H.K.H Kronprins Haakon delte i går ut den nyetablerte Eksportprisen til sunnmørsbedrifta Jets Vacuum. Selskapet produserer avanserte sanitærløysingar – vakuumtoalett – som reduserer vassforbruket til ein åttandedel av det normale.

10.04.2014

Prisutdelinga vart halden under den årlege Eksportkonferansen på Gamle Logen i Oslo.

Nyetablert pris

Det vart vist presentasjonsvideoar av dei tre finalistane – Jets Vacuum, National Oilwell Varco Norway og Indra Navia – før juryrepresentantane John G. Bernander og Siri Hatlen kunngjorde vinnaren.

Kronprinsen overrekte prisen, eit måleri, og gratulerte administrerande direktør Jan Tore Leikanger i Jets Vacuum frå Hareid på Sunnmøre. Sanitærløysingane til Jets Vacuum blir brukte der vatn er ein avgrensa ressurs, både på skip og på land.

Bak den nyetablerte Eksportprisen står Eksportkreditt Norge, Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) og dotterselskapet GIEK Kredittforsikring, som saman tilbyr statlege lån og garantiar til norske eksportbedrifter. Prisen premierer norske eksportørar som er innovative, modige og som har lykkast med å byggje verdiar i Noreg gjennom marknader ute.

Miljøutfordringar i fokus

Eksportkreditt Noreg, GIEK, og GIEK Kredittforsikring er vertskap for Eksportkonferansen 2014, som vart opna av næringsminister Monica Mæland.

Konferansen er ein årleg konferanse som samlar leiande personar innan industri, finans, og politikk. Temaet i år er korleis norske eksportbedrifter møter globale miljøutfordringar gjennom nye løysingar og berekraftig vekst.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook