Hopp til hovedinnhold

På besøk hos KFUK

Tysdag besøkte Prinsesse Märtha Louise KFUK i London. Heimen for norske aupairar, som Dronning Maud var med på å finansiere, husar framleis unge nordmenn på reise i London.

14.05.2014

Under namnet «Norske Kvinders Kristelige Forening» starta Magda Hornemann i 1908 det vi i dag kjenner som KFUK-heimen. Det var i utgangspunktet eit arbeid for norske aupairjenter i London, og det vart tilbode foredrag og musikkveldar.

Stadig fleire jenter reiste til London, og mange hadde behov for ein stad å bu i tida før dei tok fatt på det første aupairoppdraget, og i periodar mellom ulike jobbar. I 1914 vart det derfor leigd eit hus i Clifton Gardens, der det var soveplass til 14–16 gjester, og dessutan rom til beteninga.

Støtte frå Kongefamilien

Huset i Clifton Gardens vart etter kvart for lite, og i 1938 kjøpte Norsk KFUK 52 Holland Park ved hjelp av innsamla midlar frå blant anna Den norske kongefamilien, venner i Noreg og den norske kolonien i London. Medlemmene i foreininga bidrog òg med ei dagslønn kvar. Huset blir no kalla KFUK-heimen.

Dronning Maud gav økonomisk støtte til Norsk KFUK heilt frå starten i 1908 og fram til ho døydde i 1938.

Omvising

Tysdag vart Prinsesse Märtha Louise ønskt velkommen av dagleg leiar Solveig Øiestad og den unge leiaren Maren Andrea Aasulvsen. I det som blir kalla finstua, underheldt Thomas Ottersen og Oda Volterstad med song og piano.

KFUK-heimen blir driven av eit norsk styre i London og har ti tilsette. Seks av dei tilsette er ungdom som deltek på eit eittårig praktisk leiartreningsprogram. Dei to unge leiarane Camilla Collington-Hanna og Hanne Etnestad viste Prinsessa kontoret der dei arbeider, turistrommet og stabsrommet. Prinsessa fekk òg besøkje studentrommet til Anne Marte Ring, som studerer ved Hult Business School.

Nyare tid

Under den andre verdenskrigen vart hostellet stengt, og huset vart da brukt som sjukehus for nordmenn. I januar 1947 starta foreininga opp att verksemda, og sidan da har huset fungert som hostell – primært for unge norske jenter. I 1978 vart det lov for gutar og menn å bu på KFUK-heimen. Dørene er opne for norske kvinner i alle aldrar, ikkje-norske kvinner og norske menn under 30 år, barnefamiliar, par og fedrar med barn.

Eittåringsprogrammet

Etter omvisinga fekk Prinsessa informasjon om KFUKs leiartreningsprogram av deltakarane i programmet: Helene Helland, Petter Mustvedt, Camilla Collington-Hanna, Maja Skjerdingstad, Maren Aasulvsen og Hanne Etnestad.

Eittåringstenesta har vore ein del av drifta på KFUK-heimen i mange år. Eittåringane har hatt ansvar for drifta av huset og utvikla seg gjennom praktiske oppgåver og personlege utfordringar. Temaa i leiartreninga er personleg utvikling, organisasjonkunnskap og praktiske ferdigheiter, og dessutan samfunnsengasjement lokalt og globalt.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook