Utstillingsopning på Oscarshall
I kveld var Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga til stades ved opninga av årets utstilling i Galleri Dronning Joséphine. «En grafisk suite til H.M. Dronning Sonjas kunstnerstipend» inneheld 65 nye verk av Olav Christopher Jenssen.
Mykje av inspirasjonen til utstillinga har Jenssen funne i dikt frå den siste diktsamlinga til Tarjei Vesaas, «Liv ved straumen», som kom ut i 1970.
Den anerkjende kunstnaren er fødd i Sortland og utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi i Oslo. Han er i dag kunstprofessor i Tyskland.
Galleriopning
Salsutstillinga med verka til Olav Christopher Jenssen skjer i samarbeid med Stiftelsen Dronning Sonjas Kunstnerstipend. I samband med utstillinga gjev kunstnaren ut ei grafikkmappe der inntektene går til stiftinga og arbeidet ho gjer for den grafiske kunsten.
Dronninga ønskte velkommen. Kurator Sune Nordgren og Olav Christopher Jenssen talte under opninga, og det var kunstnarisk innslag ved skodespelar Frank Jørstad.
Galleri Dronning Joséphine opna i fjor, og utstillinga viste da verk av Dronning Sonja, Kjell Nupen, Ørnulf Opdahl og Tiina Kivinen.
Galleriet er ein del av publikumstilbodet ved Oscarshall. Under presentasjonen av utstillinga i kveld viste òg Dronninga ei keramikkrukke frå sin eigen produksjon. Krukka vil vere ei permanent utsmykking på plenen utanfor Galleri Dronning Joséphine.
Oscarshall opnar onsdag
Lystslottet Oscarshall er ope for publikum i sommarsesongen. Årets sesong startar onsdag 21. mai og varer fram til og med søndag 14. september.
Oscarshall stod ferdig i 1852 og ligg ned mot Frognerkilen på Bygdøy i Oslo. Slottet vart bygd på oppdrag av Kong Oscar I og Dronning Joséphine. Bak utsmykking og innreiing av Oscarshall står mange norske kunstnarar og handverkarar som Joachim Frich, Adolph Tidemand og Hans Gude.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.