Hopp til hovedinnhold

La ned krans i Roskilde

H.K.H. Kronprins Haakon la i dag ned krans ved Kong Christian Frederiks sarkofag i Roskilde domkyrkje. Det same gjorde H.K.H. Kronprins Frederik av Danmark.

23.05.2014

Markeringa inngår i «Norsk festuke i København» – Danmarks markering av 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Parlamentspresidentane frå begge landa – formannen i Folketinget Mogens Lykketoft og stortingspresident Olemic Thommessen – var òg til stades under seremonien.

Seremoni

Akkompagnert av stormklokka i Roskilde domkyrkje kom kronprinsane frå Danmark og Noreg for å leggje ned kransar frå begge landa ved grava til han som var Noregs Kong Christian Frederik – og seinare vart Danmarks Christian VIII.

Dei to vart mottekne av domprost Jens Arendt, Noregs ambassadør til Danmark Ingvard Havnen og formann for kyrkjelydsrådet i domkyrkja Anne Rosendal.

Domprosten følgde dei to kronprinsane til kapellet, der sjølve kransnedlegginga gjekk føre seg. Etter helsingar frå Folketinget og Stortinget vart det halde andakt i domkyrkja.

Noregs sommarkonge

Som prins leidde Christian Frederik den norske motstanden mot Kieltraktaten, der Danmark vart tvinga til å avstå Noreg til Sverige. Noreg hevda sjølvstendet sitt og forfatta si eiga grunnlov – og valde sin eigen konge, Christian Frederik, 17. mai 1814.

Nokre korte sommarmånader var han den første kongen i moderne tid i eit sjølvstendig Noreg. Ein invasjon leidd av Sveriges Kronprins Carl Johan tvinga han til å kapitulere – og abdisere.

10. oktober 1814, på Bygdø kongsgard, sa Kong Christian Frederik frå seg den norske trona til fordel for Sveriges Kong Carl XIII. Han forlét landet 28. oktober. Christian Frederik vart seinare konge av Danmark og regjerte der frå 1839 til 1848 som Kong Christian VIII. Han døydde 20. januar 1848. 

Nylig avduka Hennar Majestet Dronning Margrethe av Danmark ein statue av han på Eidsvolls plass framfor Stortinget i Oslo.

Roskilde domkyrkje

Domkyrkja i Roskilde er frå 1100-talet og er rekna som ei av dei mest sentrale kyrkjene i Danmark. Kyrkja er gravkyrkje for dei danske regentane og har vore det sidan 1400-talet. Ho rommar gravene til 39 kongar og dronningar og blir sett på som ein nasjonalheilagdom. Domkyrkja står òg på UNESCOs verdsarvliste. 

Festframsyning i operaen

I kveld er både Kronprins Haakon, Hennar Majestet Dronning Sonja og Den danske kongefamilien til stades i operaen i København, der Folketinget og regjeringa inviterer til festframsyning i høve Grunnlovsjubileet.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook