Norsk-svensk fred i 200 år
Den 14. august 1814 vart Mossekonvensjonen signert. Kong Christian Frederik valde fred. Det vart starten på unionen og på 200 år med fred mellom Noreg og Sverige. Vala vi tek, stod i sentrum for Den Høgvørde Kronprinsens tale i Moss i dag.
Både Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte Moss i høve jubileet. Kronprins Haakon heldt hovudtalen under festarrangementet på Verket Arena i ettermiddag.
Valde freden
Sverige nekta å aksepterte norsk sjølvstende i 1814, og natt til 27. juli gjekk svenske troppar til angrep på Noreg. Så får Kong Christian Frederik tilbod om våpenkvile og forhandlingar.
Kronprins Haakon innleidde talen sin med å beskrive situasjonen og det vanskelege valet Noregs konge stod overfor:
Han kan velje at Noreg kjempar for sjølvstendet som nasjonalstat og dermed risikerer ytterlegare krig mot Sveriges overlegne krigsmakt. Eller han kan gå for forhandlingsalternativet, som forhåpentlegvis vil spare liv, sikre Grunnlova og ein viss grad av nasjonalt sjølvstyre.
Kronprinsen gjekk vidare til å snakke om kor viktige vala vi alle må gjere, som enkeltmenneske og som samfunn, er, og korleis vi når vi feirar grunnlovsjubileet, ikkje berre feirar dei vala som vart gjorde i 1814, men òg gode val vi har gjort sidan for å byggje og tryggje samfunnet vårt.
Kongens vanskelege avgjerd var byrjinga på 200 år med fred mellom dei nordiske landa. [...] Gjennom forhandlingane bidrog han, saman med svenskane, til å redde den norske Grunnlova og skapte langt på veg fundamentet for det samfunnet vi har i dag. Han tvilte seg fram til resultatet – slik vi ofte gjer i dei viktigaste vala våre. Og sjølv om vi kanskje ikkje opplever det skjebnetunge i våre val så tydeleg, kan vi likevel velje det rette for oss sjølve og for andre. Kvar dag.
Fred og verdigheit
Kronprinsparet innleidde besøket i Moss på Kirkeparken videregående skole, der det vart halde Dignity Day i samarbeid med det internasjonale fredsseminaret Youth and Action, som blir arrangert på Jeløy Folkehøyskole i desse dagar.
På fredsseminaret arbeider ungdommar frå mange ulike land blant anna med tema som fredsarbeid og konfliktløysing i praksis.
– Når eg treffer ungdommane på fredsseminaret her i Moss, ser eg likevel lyst på framtida, sa Kronprins Haakon i talen sin. – Vi har så mykje meir til felles enn det som splittar oss. Når eg reiser rundt i Noreg og i andre land, ser eg alltid spor av dette. Eg trur på den enorme krafta som ligg i at unge folk jobbar saman. Å få ut potensialet i unge menneske – også dei som fell litt utanfor – og gje dei sjansen til å ta gode val handlar om å byggje gode samfunn. Sånn kan vi skape sjølvstendige menneske – som òg kan leie andre.
Gatefest
Etter skolebesøket fekk Kronprinsen og Kronprinsessa oppleve gatefest i Dronningens gate, der også stortingspresident Olemic Thommesen heldt tale til byen og Hans Majestet Kongens Garde heldt drilloppvisning utanfor Parkteateret.
Det vart òg høve til å besøkje Moss Jernverk, med omvising i Konventionsgaarden og utstillinga om Verket som finst i ein av dei gamle arbeidarbustadene. I Konventionsgaarden fekk Kronprinsparet òg sjå sjølve Mossekonventionen, som er utstilt der.
Seinare i dag vil Kronprins Haakon vere til stades når spelet «Christian Frederik» har urpremiere i Nesparken.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.