Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparet i Lofoten

I dag tidleg kom Kronprinsparet til Værøy, nesten ytst i Lofoten. Det er andre dag av DD. HH.KK. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marits fylkestur i Nordland.

10.09.2014

Mektig natur og mykje vêr pregar Værøy. Fisk er det viktigaste næringsgrunnlaget her, og Kronprinsparet fekk både møte fiskarar og sjå delar av produksjonen. Men aller først gjekk turen til Paviljongen, der Kronprinsen og Kronprinsessa opplevde både talar, song og mannekengoppvising. Deretter gjekk turen til sjukeheimen, der Kronprinsparet møtte bebuarar og tilsette.

Viktige fiskeri

På besøk hos hjørnesteinsbedrifta Lofoten Viking venta ei innføring i dei ulike kvalitetane tørrfisk. Etter ei kort omvising med innlagd tørrfisktapas fekk Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit forsøkje seg på vraking. Det er viktig å bestemme kvaliteten på fisken, og den høgaste kvaliteten har tradisjonelt gått til middelhavslanda og deira bacalao. Venezia er Værøys vennskapskommune, noko som burde bety at italienarane er godt fornøgde med leveransane.

Ein stor del av produksjonen er sild for eksport til Russland, og bedrifta merkar godt importforbodet som kom som følgje av krisa i Ukraina. Lofoten Viking har måtta stengje sildeproduksjonen og permittere heile 40 tilsette.

Eg håpar og trur at de vil finne alternative marknader til silda som var tiltenkt den russiske marknaden [...] – og at det om ikkje så lenge vil bli produksjon av sild her i Værøy igjen. Men ikkje minst håpar eg at det snart vil komme til ei løysing på den store konflikten som ligg bak, sa Kronprinsen i talen sin.

Tur med «Værøygut»

På Lofoten Værøy Brygge møtte Kronprinsparet Tommy Bensvik og Eldar Eilertsen. Dei unge fiskarane har gått saman om eigen båt, «Værøygut», og dei tok Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit med på ein tur.

Kronprinsparet besøkte òg Værøy gamle kyrkje. Trekyrkja stod opphavleg i Kabelvåg, men vart flytta til Værøy i 1799. Den tidlegare kyrkja hadde vorte øydelagd av storm i 1790. Noko av inventaret i dagens kyrkje stammar frå denne kyrkja.

Vidare til Moskenes

I ettermiddag la Kongeskipet til ved fiskeværet Å i Moskenes kommune. Kronprinsparet vart møtte på kaia, der trappa til ei rorbu var rigga som scene for kulturinnslag. Moskenes har lang tradisjon som fiskerikommune, men har òg nye næringsvegar og satsar på aktivitetsbasert reiseliv. I talen sin på kaia meinte Kronprinsesse Mette-Marit at forholda burde liggje godt til rette:

– Lofoten kan by på alt det reiselivsnæringa ser at dagens turistar vil ha, ifølgje nye trendar: Folk søkjer rein natur, det unike, det fredelege – gjerne i kombinasjon med aktivitetar og ekstremopplevingar.

Kronprins Haakon og Kronprinsessa tok ein spasertur gjennom fiskeværet saman med ordførar Lillian Rasmussen og Steinar Larsen, som fortalde om historia i Å og planane for reiselivssatsinga. Det vart òg høve til ein smak hos Anita, som driv Anitas Sjømat med delikatesser frå Lofothavet.

Lofoten nasjonalpark

Parallelt med utviklinga av turismen går behovet for å verne om dei vakraste stadene og ikkje utsetje dei for overbelastning gjennom for stor eller uvettig bruk. Dette er ein del av bakgrunnen for ønsket om å opprette ein eigen nasjonalpark her i Lofoten.

Ein av dei som satsar på aktivitetsturismen, er Sandro Della-Mea, som driv utleige av kanoar og syklar. Kronprinsen og Kronprinsessa fekk låne kvar sin sykkel, og saman sykla dei til Bekkhaugen, der dei heldt fram til fots til eit utkikkspunkt mot områda som etter planen skal leggjast inn i nasjonalparken.

Her fekk Kronprinsparet ei orientering om planane, og om Moskstraumen, som kanskje vil bli ein del av parken. Malstraumen er ein av verdas sterkaste og oppstår som følgje av at tidevatnet flyt inn og ut mellom Norskehavet og Vestfjorden. Mange mytar og historier er spunne rundt denne straumen, som har inspirert litterære stornamn som Edgar Allan Poe og Jules Verne.

Mottaking

I kveld held Kronprinsen og Kronprinsessa mottaking om bord på Kongeskipet. Blant gjestene er mange av dei som har bidrege til å gjere fylkesturen til den opplevinga han er.

I morgon blir reisa avslutta på Vestvågøy.


Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook