Hopp til hovedinnhold

Årets kvinnelege leiartalent

H.K.H. Kronprinsessa delte ut prisen til Årets talent i mediebransjen til VGs Camilla Bjørn under haustseminaret til Medienettverket på Holmen Fjordhotell i dag.

17.10.2014

Prisen Årets talent vart oppretta i 2011 og går til eit kvinneleg leiartalent på maks 35 år som har utmerkt seg spesielt. Vinnaren får eit stipend på 10 000 kroner.

Årets talent

Lilla Sølhusvik, prosjektleiar i Brennpunkt, leidde eit intervju med dei tre nominerte før vinnaren vart annonsert. I grunngjevinga sa juryen blant anna:

«Vinneren er åpen og uredd, målrettet og engasjerende leder som evner å skape resultater. Som ledertalent betegnes hun som den ‘perfekte krysningen’ mellom redaksjonell, kommersiell og teknisk forståelse. Hennes helhetlige tilnærming til utvikling av tjenester i et krevende medielandskap trekkes frem av juryen som strategisk viktig i den nye digitale mediehverdagen. Årets talent er Camilla Bjørn

Dei tre nominerte

Medienettverket hadde plukka ut tre kandidatar til prisen:

  • Camilla Bjørn: Leiar for VGs nisjetenester Godt.no, MinMote og Vektklubben.

  • Ingrid Høsøien Indsethsom: Markert nyhenderedaktør i ein nisjemarknad der det er vanskeleg å arbeide fram gode nyhende. Har vore sentral i at E24 har vorte nominert to gonger til Schibsted Journalism Award, blant anna for ein artikkelserie som førte til ei omfattande gransking av Innovasjon Norge, skriv kampanje.com.

  • ari Midtstigen, redaktør for Foreldre og Barn, BabyDrøm, BAM og Glade barn i barnehagen.

Kvinner i leiarstillingar

Medienettverket er eit nettverk og forum for fagleg påfyll for kvinnelege medieleiarar og kvinner med leiarambisjonar. Medienettverket skal bidra til at fleire kvinner søkjer seg til leiarstillingar – det er framleis ein lang veg å gå før det er likestilling på toppen i norske mediebedrifter. Gjennom å skape ein møteplass for debatt og fagleg påfyll vil vi motivere fleire kvinner til å ønskje seg leiarstillingar, seier leiaren for nettverket til kampanje.com.

Nettverket arrangerer debattar og seminar og deler kvart år ut prisane Årets kvinnelege medieleiar og Årets talent.

Årets jury bestod av Grethe Gynnild-Johnsen (NRK), Mari Espelin (Budstikka), Trine Lise Jagge (Dynamic People), Morten Hatlem (Nasjonal sikkerhetsmyndighet, inntil nyleg Egmont og Schibsted) og Børrea Schau-Larsen (Bergens Tidende).



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook