Hopp til hovedinnhold

Sykla til «Oslo sentrum»

I dag sykla Hennar Majestet Dronninga til «Oslo sentrum». Turen gjekk til Oslos geografiske midtpunkt – som ligg i Nordmarka. Kartverket har talt, og punktet har no vorte ettertrykkeleg merkt av.

25.10.2014

Oslo-ordførar Fabian Stang kunne ønskje både Dronninga og fleire hundre andre som hadde møtt fram for å oppleve hendinga, velkommen til Oslos nye sentrum.

Ein dryg kilometer nord for Sognsvann, midt i eitt av dei mest brukte friluftsområda i Noreg, finn du det geografiske midtpunktet i hovudstaden. Det er Statens kartverk som har gjennomført målinga som slår fast dette.

Laurdag ettermiddag tok Hennar Majestet Dronninga beina fatt og sykla inn til midtpunktet, som no har vorte utsmykka av biletkunstnar Jon Gundersen.

«Ta på Oslos balansepunkt»

Gundersen har lang erfaring og har tidlegare utført fleire steinskulpturar i Oslo. Kunstverket som markerer midtpunktet, er eit omriss av Oslo kommune. Det er litt over to meter på det lengste og 80 cm høgt.

Skulpturen er utført i nordmarkitt med ei punktmarkering i groruditt. Dette er steinsortar som er spesielle for Oslo. Groruditt er ein svært sjeldan steinart som finst i Lillomarka.

Juryen, som har vurdert elleve innkomne forslag, seier blant anna at «utformingen og materialvalg er solid og varig. Forslaget tåler å bli brukt av små og store barn. Det vil heller ikke kreve mye vedlikehold».

Markaorganisasjonane

Saman med Dronning Sonja var ordførar Fabian Stang, biletkunstnar Jon Gundersen, kommunikasjonsdirektør Ole Magnus Grønli i Statens kartverk og divisjonsdirektør Kjetil S. Hansen i Bymiljøetaten til stades under den offisielle avdukinga av midtpunktet.

Markaorganisasjonane Skiforeningen, Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet og Oslo og Omland Friluftsråd arrangerte aktivitetar for glade turgåarar som Dronninga fekk delta på etter opninga.

Dei oppmøtte fekk òg varme seg på skogskaffi og solbertoddy.

Nedre Blanksjø

Midtpunktet ligg på Nedre Blanksjø, nord for Sognsvann. Dei som måtte ønskje å ta ein tur til sentrum – eller andre stader i Nordmarka – kan finne turforslag hos Skiforeningen. Følg peikaren til høgre for å komme til deira «Markabase».

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook