Hopp til hovedinnhold

"Vel bevart og godt fortalt"

I formiddag åpnet Kronprinsparet Kuben i Arendal - Aust-Agder kulturhistoriske senter. - Jeg håper huset kommer til å bli en skattkiste full av levd livsa H.K.H. Kronprinsessen i sin åpningstale.

19.11.2014

– For å forstå kven vi er, treng vi òg kunnskap om kven vi var, og kvar vi kjem frå. Vårt felles minne blir forvalta blant anna av museum og arkiv. Og som ein av Noregs eldste museums- og arkivinstitusjonar tek de godt vare på fortida. Kuben skal leggje til rette for noko av det viktigaste: formidling av historie og historier. Eg håpar huset kjem til å bli ei skattkiste full av levd liv.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk blomster av Greta Gabriela Fibiga og Lalash Lateef da dei kom til Kuben i formiddag. Begge er elevar ved Birkenlund skole, som har 50-årsjubileum i år. Opningsprogrammet starta med eit musikkinnslag ved Arild Nyborg og Sebastian Gruchot, før fylkesordførar Bjørgulv S. Lund ønskte velkommen og Kronprinsesse Mette-Marit heldt sin opningstale.

Ein brubyggjar

Kronprinsessa peika òg på korleis ein kulturinstitusjon som Kuben bidreg til å knyte historia saman:

– Kuben skal byggje bru frå fortid til notid og vidare til framtida. Og så håpar eg at det blir eit godt og trygt hus sånn at alle som høyrer til her, kjenner seg godt heime. Og ikkje minst at dei legg igjen noko av si eiga forståing og sia eiga sjel i møte med vår alles felles historie.

Lang historie

Aust-Agder kulturhistoriske senter vart etablert i 1832 under namnet Arendal Skoles offentlige Bibliotech og Musæum og kunne feire 175-årsjubileum i 2007. Hovudoppgåvene til institusjonen er å vere leiande faginstans innan museum og arkiv i Aust-Agder fylke. Institusjonen er delt i to avdelingar: den eine for arkiv, den andre for museum og formidling.

Arkivavdelinga er rådgjevande organ for fylkeskommunen og kommunane og dessutan depotinstitusjon for dei historiske arkiva deira. Avdelinga tek òg vare på arkivmateriale frå private bedrifter, foreiningar og personar. Museumsavdelinga har ansvar for store gjenstandssamlingar og antikvariske bygningar. Aust-Agder kulturhistoriske senter har òg eit stort fagbibliotek og samlingar av eldre bøker og har eigen bokbindarverkstad.

Kuben

Direktør Kjell-Olav Masdalen fortalde om bygget «Kuben»; arkitekt Henriette Salvesen heldt eit innlegg, og det gjorde òg prosjektleiar frå Skanska Ottar Haugmoen. Etter opningsseremonien fekk Kronprinsparet lunsj som var laga av elevar frå Sam Eyde videregående skole. Prosjektleiar Kristoffer Vadum viste deretter Kronprinsparet rundt i det nye bygget.

Aust-Agder kulturhistoriske senter ønskte òg å vise Kronprinsparet ei utstilling som er under bygging. Dei fekk derfor ein sniktitt på utstillinga «Barndom», som etter planen skal opnast på nyåret. Barn og unge er ei viktig gruppe for Aaks, dei har derfor laga denne utstillinga spesielt for barn i alderen 3–12 år.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook