Hopp til hovedinnhold

Vismennenes dag 2015

For fjerde år på rad samla Kronprinsparet ca. 70 unge leiarar til Vismennenes dag på Skaugum. Årets tema var visdom i dei gamle stoikarane sitt perspektiv – og kva dei har å lære oss i dag.

09.01.2015

Vismennenes dag har vorte ein årleg tradisjon – der Kronprinsparet samlar leiarar mellom 20 og 40 år frå ulike sektorar til ein heil dags workshop om leiarskap, med vekt på dei store spørsmåla. Dagen vart gjennomført i samarbeid med leiingskonsulentane i Beowulf & Earendel AS. 

Variert program

Somme hadde vore deltakarar på Vismennenes dag tidlegare, mens mange var nye. Dei unge leiarane som deltok i år, representerte eit breitt spekter frå organisasjons- og næringsliv.

Hovudfokus for dagen var den gamle romerske keisaren og stoikaren Marcus Aurelius og boka hans «Til meg sjølv» – som er ei lærebok i stoisk leiarskap og karakterstyrke. Gjennom gruppearbeid, forelesingar, samtalar, kunstnarlege innslag og uteaktivitetar arbeidde gruppa med korleis visdom og karakterstykke kan utviklast og brukast i kvardagen til den enkelte, i møte med ulike utfordringar.

Samtalar til å bli klok av

Skodespelar Toralv Maurstad framførte tekstutdrag frå «Til meg sjølv». I tillegg hadde Kronprinsparet invitert nokre få utvalde til ein samtale ved peisen om sentrale tema knytte til leiing og visdom. Kronprinsen samtalte med utanriksjournalist Kristin Solberg, som fredag tok imot den nyetablerte Gunnar Sønsteby-prisen for det modige arbeidet sitt for demokratiske verdiar. Kronprinsen leidde først ein samtale med investor Øystein Stray Spetalen og seinare ein med søster Anne-Lise ved Lunden kloster.

Trettande dag jul

Vismennenes dag byggjer på ein gammal tradisjon da 13. dag jul – 6. januar – var ein viktig dato.

Trettande dag jul er vismennenes dag. Dagen handla om leiarskap og verdigheit.

Legenda fortel at dei heilage tre kongane kom frå ulike verdshjørne og representerte menneskets tre aldrar. Dei var stjernetydarar, forskarar og herskarar. Men dei vann verken ry eller makt. Dei vann visdom og verdigheit gjennom å leve i audmjukskap.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook