Kongemåleri avduka
H.M. Kong Harald var i ettermiddag til stades i Fanehallen på Akershus festning under avdukinga av tre kongeportrett kalla «Frigjøringskongene».
Dei nye måleria er måla av kunstnaren Ross Kolby og framstiller Kong Haakon VII, Kong Olav V og Kong Harald V. Majestetane er portretterte i ein alder av 78 år.
I sin tale framheva kunstnaren kva dei tre generasjonane av kongelege betydde for den norske motstandskampen, og korleis han har arbeidd fram portretta.
Direktøren for Forsvarets museum, Anne Bergh, stod for avdukinga, før Kongen tok måleria i nærare augesyn saman med kunstnaren Ross Kolby.
Dei tre måleria skal henge på Noregs Heimefrontmuseum i Oslo.
Rundt 200 menneske var til stades under avdukinga, blant dei forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og Oslo-ordførar Fabian Stang.
Aktuelle saker
Åpnet Norsk Folkehjelps påskeberedskap
Deres Kongelige Høyheter Kronprinsregenten og Kronprinsessen åpnet årets påskeberedskap for Norsk Folkehjelp i dag. – Vi er imponert over arbeidet dere gjør - spesielt nå i påsken, sa Kronprinsparet til de frivillige.
Gjekk Ridderrennet
Den Høgvørde Kronprins Haakon var denne helga til stades på Beitostølen der Ridderrennet markerte sitt 60-årsjubileum. Saman med Gustav på 14 år gjekk Kronprinsregenten det tradisjonsrike langrennet.