Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen heidra dei falne

H.K.H. Kronprinsen la i formiddag ned krans ved minnesmerket over dei falne i minnelunden på Akershus Festning i Oslo.

01.11.2015

Kransnedlegginga inngjekk som ein del av markeringa av Forsvarets minnedag.

Forsvarssjefen, admiral Haakon Bruun-Hanssen, heldt ein tale til dei pårørande, familie og venner av dei som har falle i teneste for Forsvaret, før Kronprins Haakon vart beden om å leggje ned krans ved minnesmerket på vegner av Hans Majestet Kongen. Etter kransnedlegginga vart bønnesignalet spelt. Stortingspresidenten, forsvarsministeren og Forsvarets veteraninspektør var òg til stades ved markeringa.

Minnegudsteneste

Etter høgtidsstunda ved monumentet var Kronprinsen til stades ved ei minnegudsteneste i Akershus slottskyrkje. Statsråd Ine Marie Eriksen Søreide heldt minnetalen, mens feltprosten var forrettande prest. Ved avslutninga av minnegudstenesta tende Kronprinsen Forsvarets minnelys.

Minnedagen

Forsvarets minnedag har sidan 2007 vore markert den første søndagen i november for å heidre dei som har mista livet i teneste for Forsvaret i og utanfor Noreg. Minnedagen er for å minnast alt personell som har omkomme i teneste for Forsvaret. Minnedagen skal òg vere ei markering overfor pårørande og ei utstrekt hand til alle​ som ber arr på kropp og sinn som eit resultat av teneste i Forsvaret.​

Alle Forsvarets avdelingar, både i Noreg og i utlandet, blir oppmoda om å markere minnedagen. Hovudmarkeringa er lagd til Akershus Festning i Oslo, men dagen blir òg markert ved Forsvarets avdelingar i Noreg og i utlandet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook